Sist oppdatert 02.06.2010
mb

Ei bustad- og byggutstilling her i fylket vil etter vårt syn vere eit godt verkemiddel for å skape merksemd lokalt og forsere ein nødvendig prosess på dette området. Intensjonane i prosjektet fell saman med målsettingar i fylket sitt klimaarbeid, ønskje om å utvikle skogbruksnæringa i fylket på nye måtar og behovet for å motverke ein kraftig konjunkturnedgang i bygge- og møbelbransjen.

Møre og Romsdal Arkitektforening har sidan seint på hausten 2008 arbeidd med ein prosjektidè som vi foreløpig har kalla BB2012.  Vi ser behov for at interessen og kompetanse på området berekraftig utbygging blir styrka i regionen vår.  Klimautfordringane og energiforbruket i byggebransjen gjer at vi må tenkje nytt og samarbeide betre på tvers av fagmiljø innanfor denne bransjen. 

 

I 2009 innvilga NAL 25 000 i aktivitetsstønad og HUSBANKEN 100 000  i kompetansetilskot til prosjektet. I løpet av hausten har forprosjektet etter revidert budsjett blitt fullfinansiert med midlar frå Møre og Romsdal Fylke (300 000) NIL og NLA.

 

 Kort presentasjon ("flygar") : 

 BB 2012_Flygar.pdf
 Oppdatert prosjektbeskrivelse:  Microsoft Word - bb2012 prosjektbeskr.mb 100107.pdf

 

 Milepælar så langt:

  

  • Møre og Romsdal fylke inviterte MAF til å delta i ein verkstad 26.04.09 knytt til fylket sitt arbeid med fylkesdelplan for klima.  Verkstaden hadde skogbruk og utnytting av trevikre som tema og retta seg mellom anna mot byggsektoren.  MAF presentere prosjektidèen i verkstaden.  Prosjektet har så vorte innarbeidd som eit tiltak i klimaplanen. 

 

  • Prosjektidèen vart presentert i eit ope seminar som arkitekforeinga gjennomførte 01.04.09 i samarbeid med Høgskulen i Ålesund.  Foreininga sine medlemmar, interiørarkitektar og entreprenørar vart invitert i tillegg til studentar ved ingeniørfag på høgskulen.  Responsen frå deltakarane var eintydig positiv.  

 

  • 12.05.09 vart det gjennomført eit alliansebyggande møte på fylkeshuset med deltakarar frå Husbanken, Trefokus, NAL/ Ecobox, skogbruksnæringa og møbelbransjen i fylket, fylkeslaga av arkitektforeininga, interiørarkitektane og landskapsarkitektane.  Frå Møre og Romsdal fylke var både landbruk-, regional- og næring-, bygge- og vedlikehald-, areal- og miljøvernavdelinga og tettstadprogrammet representert.  NAL sin president var tilstades og synleggjorde forbundet si høge interesse for dette prosjektet.  Det vart skipa eit interimstyre med ansvar for å utarbeide eit forprosjekt for bustad- og byggutstillinga. 

  

  • Miljøutvalet i Møre og Romsdal fylke fekk 08.06.09 framlagt BB2012 som ei sak i sitt siste møte før sommaren.  Med utgangspunkt i ein gjennomgang av klimaplanen og landbruksnæringa sine utfordringar presenterte vi dette tiltaket i klimaplanen.  Synspunkta som kom fram i møtet viste ei klar positiv haldning, og utvalet har bede fylkesdirektøren vurdere finansiell støtte til prosjektet.

 

  • I løpet av hausten 2009 ordna finansiering av forprosjektet seg. Samstundes vart prosjektbeskrivelsen oppdatert med kvalitetskrifteriar og reviert framdriftstplan. Breid publisering var planlagt ved årsskiftet 2009-2010.