Anette Helstad til minne

Tekst Magne Bergseth Sist oppdatert 06.01.2017

Måndag 2. januar fekk vi den ufatteleg triste meldinga at Anette Helstad (27) frå Stranda omkom i trafikkulukke i Halsa 1. nyårsdag.

Sjå omtale i nyheitsbrev frå NAL sentralt her 

Styret i MAF vil og med dette gje uttrykk for sakn av ung og lovande kollega og djup medføling med alle som sto Anette nær.

I MAF hugsar vi henne spesielt for initiativet til møtet om byutvikling i Ålesund 2. februar i fjor då ho og medstudent Hilde Nessa hadde vald masteroppgåve om byutvikling og fortetting i Skutvika på sydsida av Aspøya. Møtet, der Anette og Hilde heldt innleiing saman med NAL sin president, blei eit av det best besøkte arrangementa i Møre og Romsdal Arkitektforeing si historie.

Etter å ha levert masteroppgåva blei ho engasjert av Ålesund Kommune si plan- og bygningsavdeling for å dokumentere og leite etter potensial i byromma i Ålesund sentrum. I samband med dette var ho og ein viktig bidragsytar på Sunnmørsposten si debattside på nettet om byutvikling i Ålesund.

Sist sommar vart ho vart ho medlem av NAL og MAF sidan ho framleis hadde heimeadresse i Stranda. I haust fekk ho fast tilsetting i arkitektfirmaet Tegn_3 i Trondheim, og var derfor under overflytting til Trondheim Arkitektforening.

Savnet er stort.

Norske arkitekter på besøg i Danmark