Faksimile av Firda 2. juli 2014

Kva kan vi lære av Lærdal?

Tekst Hallvard Trohaug og Kim Skaara Sist oppdatert 06.08.2014
Kva visjonar og planar har kommunen din for korleis staden du bur på skal verte i framtida? Debatten om korleis ein tettstad skal utvikle seg kjem ofte på etterskot. Når utbyggjarane allereie står med planane klåre for kva dei vil byggje kan det vere for seint å ta heilskaplege grep.

Dette debattinnlegget stod på trykk i Firda 2. juli 2014

For eit halvt år sidan vart Lærdal ramma av storbrann. Kort tid etter var statsminister Erna Solberg på plass og lova økonomisk hjelp til oppattbygging. Men pengar er ikkje nok – rett kompetanse på rett stad og til rett tid vil verte avgjerande i attreisinga og utviklinga av Lærdal sentrum.

Brannen i Lærdal har sett søkelys på at kommunane treng heilskaplege og oppdaterte reguleringsplanar, som gjev både ei framtidsretta stadsutvikling og god arkitektur. Lærdal hadde ein eksisterande reguleringsplan frå 70-talet, men problemet i mange av kommunane i Sogn og Fjordane, og i andre fylke, er at mange sentrumsområde er uregulerte. Det tyder at debatten om korleis ein by eller ein tettstad skal utvikle seg ofte vert oppstykka og ikkje kjem i gong før utbygger allereie står med planane klare.

Det krev mange typar kompetanse for å skape og vidareutvikle ein god by eller tettstad. Òg i Lærdal er situasjonen kompleks og mange interesser er i spel. Arealplanleggjarar og arkitektar er viktige kompetanseytarar i denne prosessen - dei er trena til å sjå heilskapen og å sjå ulike behov i samanheng. Dette er eigenskapar som fremjar sunn stadutvikling i tråd med politiske føringar og innbyggjarane sine interesser.

Diverre delar Lærdal lagnad med dei aller fleste av småkommunane i landet, med mangel på arkitektfagleg kompetanse. I 2013 sende Forskningsstiftelsen Fafo ut ei spørjeundersøking til ordførarar og rådmenn. Føremålet var å få eit fullstendig bilete av den opplevde kompetansesituasjonen i heile kommune-Noreg. Svara stadfesta mangelen - over halvparten av kommunane i landet seier at dei har behov for fleire arkitektar og arealplanleggjarar. Mange stader er denne kompetansen heilt fråverande i administrasjonen.

Ein del kommunar freistar å dekke inn den manglande kompetansen gjennom eit spleiselag - såkalla interkommunalt samarbeid. Ulempa er at det faglege skjønnet og avgjerda vert flytt lenger unna den einskilde kommune. Etter brannen i Lærdal vart den akutte løysinga å leige inn ekstern arkitektkompetanse som bistå i prosessen kring oppattbygginga av bustader. Ulempa generelt ved slik innleige er at ein får lite kontinuitet i planarbeidet og lågare lokalkunnskap, og dessutan vert slike løysingar ofte dyre.

Enn så lenge er dei lange linene i planlegginga av det nye Lærdal sentrum ikkje ferdig utarbeidde. Lærdal har eit historisk høve til reisa seg frå asken så og seie - og overraske seg sjølv og andre på ein framifrå måte. Sentrumsområdet vil uansett måtte finne ei ny identitet. Det er gjort framlegg om å gje Lærdal ein heilskapleg trekarakter. Dette er nærliggjande og lett å slutte seg til, men ofte er det slik at det gode arkitektfaglege grunnlaget manglar når slike visjonar skal realiserast. Resultatet er at den demokratiske debatten og planlegginga vert oppstykka. Dei kommersielle utbyggjarane på si side er sjølvsagt rett på sak og har gjerne planane klare før bygda har fått sagt sitt.

Så kva kan vi lære av Lærdal? Gode prosessar og rett kompetanse som ivaretek og fremjar dei visjonane kommunane har er heilt avgjerande for å lukkast. Kommunane er ein hovudaktør i utviklinga av dei bygde omgjevnadene våre. Både som forvaltar, planleggjar og bestillar utfører dei sentrale oppgåver for arkitektur og stadutvikling i Noreg. Styrking av den arkitektfaglege kompetansen er viktig for å betre byggesaksbehandling og arkitekturpolitiske prosessar i kommunane.

Hallvard Trohaug, leier Sogn og Fjordane Arkitektlag
Kim Skaara, President Norske arkitekters landsfo
rbund