BAF-akademiet - Kontorkveld på BAS

Tekst Ragnhild Lien Olsen Sist oppdatert 21.04.2017
NAL Student BAS og BAF har saman gleda av å invitere til eit nytt arrangement i førelesningsrekka BAF-akademiet, som rettar seg særskild mot ferske arkitektar. Kveldens arrangement samlar ulike bergenskontor som alle kjem til å presentera sitt eige arbeid og deira arbeidsmetode.

Med arrangementet håpar vi å kunne gi ein realistisk peikepinn på kva ein har i vente som ferdigutdanna, samstundes som breidda i miljøet i Bergen kjem fram. Det vil vera mogleg å stille spørjemål undervegs i presentasjonane. 

Det vert servert tapas med moglegheit for å kjøpe seg drikke attåt. Presentasjonane startar kl. 18, og alle er hjartleg velkomne!

Følgjande kontor vert representerte: 
Mad, http://www.mad.no/
Fortunen, http://fortunen.no/
Kaleidoscope, http://kaleidoscopenordic.com/
Tippetue Arkitekter, http://tippetue.no/
Kvalbein Arkitektur, http://www.kvalbeinarkitektur.no/
Asplan Viak, https://www.asplanviak.no/

Tid: 26. april kl. 18-22
Stad: Kantina ved Bergen Arkitekthøgskule

Vel møtt!