Dialog og konTUR

  Sist oppdatert 28.03.2017

Tysdag 7.mars arrangerte Møre og Romsdal Arkitektforening dialogmøte om organisasjonsprosessen i NAL.

Etter dialogmøtet var avslutta, hadde vi invitert også medlemmar av NIL og NLA, samt ikkje-medlemmar i MAF til å kome på konTUR. Begge delane av programmet gjekk føre seg hos Fjordfiesta i Molde – og var ei fin ramme for begge møta. Totalt var det 8 medlemmar i MAF/NAL som møtte til dialogmøtet. Styret kunne ønska oss eit større oppmøte, men vi synest likevel at vi fekk ein god og konstruktiv dialog og mange viktige innspel, som blir sendt vidare til NAL sitt arbeid med styrking av organisasjonen. 

Årets første konTUR hadde fokus på møbeldesign, i tråd med vårt nyleg formaliserte samarbeid med NIL og NLA. Ketil Tandstad frå Norsk Møbelfagleg senter i Sykkylven kom og fortalte om møbelproduksjonen (hovudsakleg på Sunnmøre) frå den tida arbeidet vart gjort for hand, via nye material, nye teknikkar, automatisering av produksjonen og fram til dagens produksjon. Pål Lunder ga oss eit innblikk i utviklinga av Fjordfiesta; om oppstart og tankar bak konseptet, om samarbeidspartnarar, produksjon og produktutvikling - og til den merkevaren Fjordfiesta har blitt i dag. 

Styret i MAF ønskjer å takke Pål Lunder og Fjordfiesta for eit godt vertskap og interessant innblikk i det å drive med møbelproduksjon- og utvikling i dag, og Ketil Tandstad for eit lærerikt foredrag om møbelhistoria i fylket vårt.

unnamed ps

 

unnamed (2) ps

 

unnamed (1) ps

Foto: Ingvild Gjerdset