Flere søkemuligheter

Nominert til Arkitekturprisen 2015

  Sist oppdatert 03.09.2015

Nominert til Arkitekturprisen 2015

Korte fakta

  • Arkitekt: Nordplan AS | Mestres Wåge Arquitectes
  • Prosjektperiode: 2013

Arkitektens beskrivelse

I 2013 blei det nye rådhuset i Førde opna. Prosjektet er eit resultat av vinnarutkastet i ein internasjonal begrensa arkitektkonkurranse.

Førde er ein by i vekst med om lag 10.000 innbyggarar. Byen er eit viktig regionalt senter for kultur, handel, utdanning og helsetenester. Førde internasjonale folkemusikkfestival blir arrangert kvar sommar, i lag med ei rekke store sommararrangement og utekonsertar som pregar bybiletet.

Rådhuset samlar alle kommunale tilbod i samme bygg og tilføyer nye byrom der bylivet kan finne stad. Bygget bidrar til å styrke ein urban strategi for fortetting og identitetsbygging i Førde. Bygget opnar opp for gode relasjonar mellom innbyggarane og administrasjonen. Rådhuset er transparent med visuell kontakt mot bylivet, det har ein klar karakter, men er tilpassa bymiljøet, tek omsyn til brukarane sine behov, er fleksibelt og opent for framtidige endringar. Rådhuset er organisert rundt ein stor sentral patio, det etablerer gode og varierte byrom mot elva og tilfører ei stor overdekka sone mellom patio og marknadsplass. Eit nytt amfi er anlagt mot elva for å knyte saman byrom og naturkvalitetar.

Romprogrammet er fordelt på fem etasjar. Hovudinngangen ligg på bakkeplanet, i tillegg er der eigne resepsjonar for ulike avdelingar og tenester på fleire plan. Bygget har ein vridd etasjeplan som dannar overdekningar og terrassar. Ei utetrapp gjennom patioen fører opp til kantine, rådsal, viktige møterom og hovudterrassane. Store vindu og det vridde plankonseptet tilfører dagslys til alle offentlege rom og kontor og gir fantastisk utsyn til omgivelsane og patioen. Beslutningen om å lage patioen, den vridde etasjeplanen og kuttene gjennom bygningsmassen skaper ein romleg rikdom inne så vel som ute. Kontor er plassert langs fasadane i den optimale 10.80 modulen i bygget. Rom for offentlege relasjonar, møterom og kantine er plassert i dei breiare sonene for å fremme eit dynamisk arbeidsmiljø.

Prosjektet er utvikla ved bruk av BIM-verktøy som tillet alle deltakarar i prosjektet å bidra samtidig. Prosjektteamet var plassert på fem ulike adresser i Europa. Prosjektet er gjennomført med ein nøktern kostnad og er styrt og gjennomført innanfor gjeldande tidsramme og budsjett. 


PROSJEKTDETALJER

Adresse: Hafstadvegen 42, 6800 Førde
Kommune: Førde
Prosjektperiode: 2013
Status: Ferdigstilt

PROSJEKTTEAM

Byggherre: Førde kommune
Arkitekt: Nordplan AS | Mestres Wåge Arquitectes
Tegningene kan inneholde feil og kan beskrive løsninger som ikke er i overenstemmelse med lov og forskriftskrav. Tegningene er kun for inspirasjon og er opphavsbeskyttet. Norske arkitekters landsforbund er ikke ansvarlig for tap eller skade forårsaket av noen form for videre bruk av publiserte tegninger.