Omvising ved Barne- og ungdomssjukehuset

Tekst Ragnhild Lien Olsen Sist oppdatert 28.02.2018
BAF inviterer til omvising ved det nye Barne- og ungdomssjukehuset som vant Bergen kommune sin Arkitektur- og byformingspris 2017.

Barne- og ungdomssjukehuset er eit samarbeidsprosjekt mellom arkitekt KHR Architecture, Rambøll Arkitekter, PKA Arkitekter og landskapsarkitekt Schønherr. Nybygget har vore under planlegging på Haukeland sidan slutten av 1990-talet. I 2011 gjekk endeleg startskotet for første byggetrinn, som stod ferdig hausten 2016. Byggetrinn to, og dermed heile Barne- og ungdomssjukehuset, skal etter planen stå ferdig i 2023.

Barne- og ungdomssjukehuset vant Bergen kommune sin Arkitektur- og byformingspris 2017 blant anna på grunn av at ”noe av historien fra den gamle bygningsmassen er tatt vare på inn i det nye bygget. Prosjektet klarer å kombinere en svært klar bygningsstruktur med vekslingen mellom sine langstrakte lameller mellomliggende hager, med en lunhet gjennom materialbruk og dimensjonering.”

Omvisinga er open for alle, der medlem i BAF, NIL Bergensgruppen og studentar ved BAS og KHiB vil ha førsteprioritet. Det vil bli ein felles introduksjon av prosjektet samla i auditoriet før gruppa vil bli delt i to for sjølve omvisinga. 

For påmelding, send e-post til ragnhild@gmail.com innan den 13. mars. Hugs å skrive medlemskap/studiestad ved påmelding.

Tid og stad:
Den 14. mars kl. 18.00 ved Haukelandsbakken 15 (BUS1)
Det blir oppmøte kl. 17.50 ved hovudinngangen til Barne- og ungdomssjukehuset (BUS1), der me i samla flokk går til auditoriet.