Illustrasjon hentet fra nyeaalesund.no

27.2: Årsmøte i MAF med workshop i Framtidslaben

  Sist oppdatert 24.02.2020
I forkant av årsmøtet blir det orientering om MAF sitt partnarskap i Framtidslaben i Ålesund. Det blir også workshop og servering av tapasmat + mingling. Husk påmelding innen 25. februar kl 12!

I år har vi valt å flytte årsmøtet (generalforsamling) til tidlegare på året. Valnemnda har gjort ein god jobb og har forslag til fullt styre. Se også informasjon som MAFs leder Gitte Langlo har sendt til MAFs medlemmer på e-post.

Tid: 27. februar 2020, kl. 16.30 – 20.00
Stad: NMK, Framtidslaben i Ålesund – U4SSC

Påmeldingsfrist:
senest 25. februar kl 12 til Gitte Langlo på gl@a-r-t.no
Gi beskjed om du har allergier eller ønsker vegetar.

PROGRAM

16.30 – 16.00
Introdusering av laben for medlemane i MAF/NIL (og evt. NLA) Representant fr Framtidslaben orienterer. Servering av kaffi / te og noko å bite i før workshop.

17.00 – 18.00
Workshop: for å få fram idear for korleis MAF og NIL kan få utnytta partnerskapet i Framtidslab’en. Ideear som vil bidra til meir berekraftig arkitektur og byplanlegging i fylket. Gitte Langlo, Aslaug Øyehaug og Jon Eirik Jerve leiar gruppene.

18.00 – 18.30
Oppsummering av workshop i plenum

18.30 – 19.30
Servering av tapas-middag og mingling

Ca. 19.30 – 20.00
MAF og NIL held årsmøter/generalforsamling kvar for seg. MAF-leiar oppsummerer siste to år, legg fram forslag til nytt styre og i tillegg har legg vi fram ei vedtektsendring som må ha avstemming – sjå tilsendt sakliste

Last ned invitasjon og program som pdf

Litt om Framtidslab'en

 

67199691_471338970331116_3497513159009239040_n

Den 7. november 2019 vart Framtidslaben i Ålesund – U4SSC (United 4 Smart Sustainable Cities) offisielt åpna. Framtidslaben i Ålesund ein del av FNs implementeringsprogram for smarte og berekraftige samfunn – United for Smart and Sustainable Cities implementation program. Laben ligg i hjartet av kompetanseklynga på Sunnmøre, på NTNU Campus Ålesund, Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK). Framtidslaben fungerer som eit partnarskap av aktørar frå offentleg sektor, akademia og næringsliv som saman ønsker å få fart på berekraftig utvikling.