ArkitekTUR 2013

Tekst Daniel C.Tabacaru Sist oppdatert 21.05.2013
Fylkesmannen i Hordaland si Landbruksavdeling saman med Arkitektforeininga i Bergen arrangerer ei utferd for arkitektar den 7. mai.

Fylkesmannen i Hordaland si Landbruksavdeling saman med Arkitektforeininga i Bergen arrangerer ei utferd for arkitektar den 7. mai.  I fjor lagde me til ei reise til Voss og Hardanger, men denne gongen skal me til Holmefjord i Fusa. Ein vakker ettermiddag skal me kjøra gjennom det vestlandske fjordlandskapet og besøkja ein trearbeidande kommune.  Fusa har lange tradisjonar for skog og tre-bearbeiding, spesielt tønneproduksjonen var ein viktig del av næringsgrunnlaget.

Påmelding her

Det blir avreise frå Bergen sentrum klokka 12.00 (busstoppet ved Grieghallen – det sama som i fjor) og det vert servert ein enkel matpakke i bussen.  Først skal me besøkja Vestlandske Limtre (sjå www.vestlandskelimtre.no ).  Dette er ein av tre limtrefabrikkar i Noreg og produserer ulike limtreprodukt, i hovudsak til vestlandsmarknaden.   Me skal vidare til Boge list (sjå www.bogelist.no).  Dette er ein bedrift som har sin opprinnelse i tønneproduksjonen, der far og son Boge passa på at dei finaste materialane (listmaterialane) vart teken til side i tønneproduksjonen.  I løpet av åra har dette utvikla seg til ein spesialisert listprodusent med 15 tilsette.   Me skal vidare besøkja Tønnegarden (sjå www.tonnegarden.no / www.tretonner.no).  Dette er ein familiebedrift og er med i eit nettverk som er kalla Économusée. Målsettinga er å marknadsføre og halde i live tradisjonelle handverksfag og bevare handlingsboren kunnskap.  Me avsluttar dagen på grendahuset på Boga der me fortsett diskusjonen og får servert vestlandske delikatesser.  Me har invitert Solberg Sagbruk (sjå www.solbergsagbruk.no) frå Osterøy til å halda eit kort innlegg om si bedrift og kva dei kan tilby byggemarknaden.  Solberg sag er eit lite sagbruk som kan levera spesialtilpassa trelast, om det skulle vera ulike dimensjonar eller treslag.  Dei har og mykje erfaring med grindhus-byggeri.  Til slutt vil Mikal Leigland frå Leigland bygg AS (sjå www.leiglandbygg.no) fortelja om si verksemd og utfordra arkitektstanden til diskusjon.  Me reknar med at vera tilbake i Bergen i 21 tida.

 

På turen skal me bli innsyn i fag og materialar og me skal bli kjent med fylket vårt. Me får kontakt med lokale verksemder og fagfolk i byggjenæringa.  Ikkje minst skal me bli betre kjent med kvar annan og ha det hyggelig i lag.  Me krev ein eigenandel på kr 100.- som betalast i bussen og me treng minimum 25 deltakarar får å gjennomføra reisa.