Joar Nango - Festspillutstillinga 2020

  Sist oppdatert 29.10.2020
BAF inviterer til omvisning i Bergen kunsthall på lørdag.

Stad: Bergen kunsthall
Tid: Lørdag 31. oktober klokka 13:00
Påmelding: Via e-post

Årets festspillutstilling er ei tankevekkande og sanseleg oppleving. Den samisk-norsk kunstnaren Joar Nango er opprinneleg utdanna arkitekt. Utstillingane hans fungerer som laboratorium, der natur, materialar, kulturuttrykk og møte med menneske blir vist fram, undersøkt og tolka. Utstillinga får ein til å sitta igjen med ei kjensle av å ha vorte litt klokare: Ikkje fordi ein veit så mykje meir, men fordi ein får eit innblikk i kor lite ein veit. 

Ikkje møt opp dersom du føler deg uvel eller har luftvegssymptomar. Det er krav om at alle som er med på omvisninga held 1 meter avstand. I tillegg ber BAF medlemmane sine om å vera ekstra aktsame, og ber alle om å bruka munnbind under omvisninga.