Åpent brev til Arkitekturopprøret

Så lenge Arkitekturopprøret nektar å ta inn over seg korleis eit bygg blir til og at det ikkje berre kan handle om fasade, og lagar hylekor av kritikk utan å følge dei kanalane demokratiet har, då kan eg ikkje ta dykk på alvor, skriv arkitekt Gunnar Aasen Rogne.

Av Gunnar Aasen Rogne

Så lenge Arkitekturopprøret nektar å ta inn over seg korleis eit bygg blir til og at det ikkje berre kan handle om fasade, og lagar hylekor av kritikk utan å følge dei kanalane demokratiet har, då kan eg ikkje ta dykk på alvor, skriv arkitekt Gunnar Aasen Rogne.

Av Gunnar Aasen Rogne
Foto av Gunnar Aasen Rogne.

Gunnar Aasen Rogne, seniorarkitekt, Master i Arkitektur fra Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO).

>

“Mistenker at de krakilske barnetegningene du produserer står for flere selvdrap årlig.”

Tweeten blei sendt frå en anonym konto utan følgjarar som aldri har publisert eigne innlegg, ein trollkonto. Dette er tonen i arkitekturdebatten i Norge anno 2022.

Eg arbeider som arkitekt i eit middels stort arkitektkontor i Oslo og dei siste åra har eg teikna skular, kulturhus, bibliotek, barnehager og habiliteringsboliger for kronisk sjuke. Oppdragsgjevar har vore kommune og fylkeskommune, med andre ord du og eg. Eg teiknar vanlege bygg for folk flest.

Parallellt med at desse bygga har blitt teikna og bygd, har Arkitekturopprøret Norge produsert ein kakafoni av hets. Andre vil kanskje kalle det eit opprør frå grasrota som set fingeren på noko mange tenkjer, og ein kan ha noko rett i det. Men målet forsvarar ikkje middelet.

Hovudproblemet med Arkitekturopprøret Norge er at dei hevdar å representere eit slags folkedjup. Men vi har eit nokonlunde velfungerande demokrati i Noreg, som AO Norge ikkje vil delta i. Når kontoret eg arbeider for får I oppdrag å teikne til dømes ein barne- og ungdomsskule, kjem bestillinga frå kommunen. Bestillinga er forankra i budsjett og kommunestyre, og lokalpolitikarar har diskutert fram og tilbake, gjerne i fleire år, før oppdraget landar på vårt teiknebord.

Før vi går i gang med å teikne snakkar vi med dei som skal bruke bygget, altså lærarane og representantar for elevane. Vi lyttar, stiller spørsmål og utfordrar dei med synspunkt dei kanskje ikkje har tenkt på. Så byrjar vi å teikne. Når vi har funne ei løysing vi har tru på presenterer vi denne for byggherren, ein prosjektleiar som ofte har med seg ekstra kompetanse i form av eit såkalla byggherreombud. Byggherreombudet er oftast ein ingeniør med byggerfaring som har i oppdrag å passe på at arkitekt og byggherre får med seg alt. Gjennom ein lang prosess, gjerne eit års tid, blir prosjektet knadd med nye innspel frå lærarar, elevrepresentantar, reinhaldspersonale, FAU, arbeidsmiljøutvalg, Arbeidstilsynet, politikarar og økonomar.

Så blir prosjektet byggemeldt. Det første som skjer er at naboane blir varsla med brev og teikningar av den nye skulen og dei blir oppfordra til å kome med innspel. Så sender vi byggesøknaden og det er då demokratiet verkeleg får fart på seg. I Oslo har til dømes bydelane eigne byutviklingskomitear der alle partia er representert. Dei kjenner sitt eige lokalområde godt og kan kome med nye innspel som skulen kan bli bedre av. Når byggesaksavdelinga får søknaden på sitt bord har dei ei lang rekke med punkt som skal sjekkast ut, men oftast er det opp til arkitekt å erklære at alle lovar og relevante forskrifter er følgt. NVE, antikvariske myndigheiter, kommuneplanar, reguleringsplanar og andre kommunale og regionale planar skal bli tatt hensyn til.

Dei viktigaste føringane kjem naturleg nok frå Plan- og bygningsloven (PBL) og Byggteknisk forskrift (TEK17). Sidan ein skule er eit offentleg bygg følger ein gjerne også Norsk Standard for universell utforming av publikumsbygg som sikrer at alle brukarane finn seg til rette, også dei som har forskjellige fysiske og psykiske utfordringar. Ikkje sjeldant blir eit slikt stort prosjekt også behandla av politikarane sjølve, som i rang står over byggesaksavdelinga. Og til slutt går entreprenøren i gang med å bygge.

Hovudproblemet dykkar er at de innbiller dykk at arkitekten er ein slags avsondra halvgud som rister stygge bygg ut teiknerullen berre for å provosere folk. Sanninga er at alle bygg, og spesielt dei offentlege, er djupt forankra i lokaldemokratiet før ei spade blir sett i jorda. At de ikkje vil kome med høringsuttalelsar, får stå for dykkar rekning, men eg vil ikkje bli diktert av ein gjeng med forståsegpåarar som ikkje vil følge spelereglane.

Arkitektbransjen har i mange år prøvd å gå i dialog med AO Norge, og ofte har samtalen vore gode og produktive. Men så lenge Arkitekturopprøret Norge nektar å ta inn over seg korleis eit bygg blir til og at det ikkje berre kan handle om fasade, og lagar hylekor av kritikk utan å følge dei kanalane demokratiet har, då kan eg ikkje ta dykk på alvor.

>
>
>