Sandane i Gloppen kommune

Parallelloppdrag: Den urbane fjordlandsbyen, Sandane

Tekst Perann Sylvia Stokke Sist oppdatert 02.11.2016
Gjennom parallelloppdraget ønskjer kommunen ulike forslag til korleis Sandane sentrum skal utviklast framover som ein urban fjordlandsby.

Hovudfokuset vert å synleggjere ein heilskapleg utvikling av sentrumsområde med ein god sambinding mellom ulike delar av sentrum – kultursentrum og handelssentrum. Det primære er å utvikle sentrum meir på gåande og syklande sine premisser, og sjå på nye måtar å bevege seg og bruke sentrum på utan bil. Vegnett og parkering må planleggast utifrå det. Ein skal også syne korleis bygningsstruktur i sentrum kan verte meir urban og heilskapleg. Sentrum skal ha uterom og møteplasser som gir liv til sentrum, og gjere det attraktivt å opphalde seg i byromma der omsyn til klima er vektlagt.

– I 2015 fekk vi ei sentrumsanalyse for Sandane som peiker på hovudutfordringane som vi må løyse med at det bur relativt få i sentrumskjerna, store asfaltflater og parkeringsareal dominerer og det er uoversiktleg for gåande og syklistar. Vi treng meir liv og puls i sentrum, og Sandane har mange sterke sider som vi vil bruke for å utvikle tettstaden til ein urban fjordlandsby, sier ordfører Leidulf Gloppestad i oppgaveprogrammet.

- Vi ønskjer at parallelloppdraget skal gje oss framtidsskisser og vise ei retning for korleis vi skal få til ei heilskapleg utvikling av Sandane sentrum i eit langsiktig perspektiv. Oppdraget skal forankrast hjå politikarane og motivere dei til ei langsiktig utvikling av sentrum. Det skal inspirere utbyggjarar og grunneigarar til å ville investere i Sandane sentrum, og næringsaktørar til å etablere seg her.  

To team vert plukka ut til å delta i parallelloppdraget som eit resultat av ein open kompetansebasert anbodskonkurranse. Det blir gjennomført oppstartseminar, midtvegssseminar og sluttseminar.

Føremålet med parallelloppdraget er å få fram gode, realistiske og visualiserte idear og løysingar for ei attraktiv og urban utvikling av Sandane. I oppdraget vert det og etterspurt eit framlegg til strategiar for gjennomføring og ei skildring av kva for prosessar som kan bidra til å sikre utviklinga av Sandane slik fagteama ser det for seg.

Dei to fagteama får ein fast sum kvar for oppdraget på kr 250.000. I tillegg er det sett av inntil kr 100.000 i reisebudsjett pr fagteam. Teama vert valt utifrå fagleg samansetning som på best muleg måte vil løyse oppgåva som er beskrive i dette oppgåveprogrammet. Aktuell fagleg samansetning kan vere fagpersonar innan arkitektur, landskapsarkitektur, areal- og vegplanlegging.

NAL og Bylivsenteret bistår kommunen med faglige råd og kvalitetssikring.

– Noe av det jeg vil trekke frem som særlig spennende, er at de ønsker å utforske potensialet for sambruk, samlokalisering og ulike fellesfunksjoner i sentrum, sier Alf Waage, NAL Bylivsenteret.

Informasjon på Doffin
Last ned oppgaveprogram