Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen.

Regjeringa sine miljø-og klima ambisjonar for eigne bygg og anlegg

Tekst Liv Kari Eskeland, Stortingsrepresentant Høgre Sist oppdatert 13.12.2017

Liv Kari Eskeland, Stortingrepresentant Høgre,
Energi og miljøkomiteen svarer her på NALs debattinnlegg "Regjeringens tapte muligheter"  som ble publisert i Dagbladet 4. desember 2017.
                                                         

Vi registrerer at NAL gjennom innlegg frå Camilla Moneta meiner staten sine ambisjonar ikkje er djerve nok på eigne vegne, at regjeringa bør setja enno  strengare miljø-og klimakrav til eigne bygg og anlegg.

Det er prisverdig at debatten vert teke. Det er flott å få inn enno fleire som ønskjer å bidra til at Noreg skal framstå som leiande på området. Men vi må ikkje tape heilt av syne kor langt framme vi faktisk er, kor mykje vi  har gjort på kort tid. Mykje arbeid ligg framom oss, men vi må alle kunne gle oss over den kulturendringa mot det grøne skiftet vi faktisk har fått til på få år, også innan bygg og anlegg.

Byggsektoren står for ein stor del av energiforbruket globalt og energiforbruket må ned. Det er imidlertid viktig å skille klimagassutslepp og energiforbruk. Utsleppa i byggsektoren globalt kjem i stor grad fra petroleumsprodukt til oppvarming og kjøling. I Noreg står elektrisitet for det meste av energibruken i bygg. Denne kjem frå fornybare kjelder.

Det vert stilt krav til både energieffektivitet og energiforsyning. Energieffekt oppnår ein mellom anna med godt isolerte bygg, gode vindu, låg luftlekkasje og effektive tekniske system. I tillegg skal alle nye bygg ha klimavennlig energioppvarming. Regjeringa legg til grunn utfasing av mineralolje (fyringsolje og parafin) til oppvarming av bustader, offentlige bygg og næringsbygg (yrkesbygg) frå 2020. Framlegget er meldt til ESA og kan vedtakast etter at det har vore på høyring i EØS-området.  Kommunalministeren påla likevel Statsbygg å fase ut bruk av slik olje i sine bygg to år før Stortinget hadde bestemt dette, og målet vart nådd innan 2016. Vidare bidreg ENOVA med store summar kvart år for å få betre energieffektivitet i bygg og anlegg.

Statsbygg arbeider kvar dag med energieffektivitet og reduksjon av klimagassutslepp. Det er imidlertid ikkje berre å gje mer penger til byggeprosjekter enkeltvis. Arbeidet er langsiktig og må planlegges i eit bredt miljøperspektiv. Mellom anna er det inngått ein treårig forsking- og innovasjonskontrakt med Smart Innovation Norway (SIN), på vegne av NCE Smart Energy Markets, om energieffektiv drift av bygg med digitale løysingar.

Vidare er det gjennomført omfattande tiltak i eksisterande bygg, som innebær nær ei halvering av dei direkte klimagassutslepp knytt til eiendomsdrift.

Regjeringa har lagt til grunn at nytt regjeringskvartal skal planleggjast med ambisiøse miljømål og høg grad av energieffektivitet slik at det ved planlegginga er på høgde med beste praksis for miljøvenlege bygg og uteområder i eit livsløpsperspektiv, noko som gjev ein samfunnsøkonomisk og kostnadseffektiv ressursbruk. Statsbygg sitt miljøprogram for nytt regjeringskvartal har miljømål for alle relevante tema. Det er imidlertid ikkje mogleg å etablere nytt regjeringskvartal som eit foregangsprosjekt som er ekstremt miljøvenleg mht. klimagassutslepp. Omsyn til tryggleik tilseier meir bruk av betong enn i andre nyare kontorbygg.

Samstundes vert andre viktige tiltak for å oppnå dei ambisiøse måla vektlagt. Eksempelvis er
departementa samlokalisert (unnteke Forsvarsdepartementet) sentralt i byen i umiddelbar nærleik  til offentleg kommunikasjon. Låg arealnorm bidreg til å halde volumet på eit nøkternt nivå med mindre bruk av material, energiforbruk etc.  Vidare er energiforsyninga basert på sjøvatn. 100 % av kjølingen i regjeringskvartalet og vel  85% av trong for varme vert dekka av denne løysinga. 

Regjeringa har ikkje tapt moglegheiter, men bidreg kvar dag til å skape nye. Kontinuerleg vert det jobba med å legge til rette for at næringsliv og industri skal kunne får betre rammevilkår å jobbe under. Det blir gjort gjennom insentivordningar og innovasjonsprogram som bidreg til å få fram nye og betre måtar å drifte og konstruere våre bygg og anlegg. Det vert sett standard for  korleis vi skal leve og bu som skaper mindre miljøavtrykk.

Regjeringen har vidare vedteke nye energikrav i teknisk forskrift, og nye bygg må halde seg til desse. Energikrav på passivhusnivå ble innført 1.1.2016. Krava er 20-25% strengare enn tidligere krav.

Det pågår effektivisering og modernisering av bygg og anleggsbransjen byråkrati og skjemavelde vert forenkla. Det vert lagt til rette for disruptive teknologiar slik at mellom anna plusshus kan levere straum tilbake på nett.

I transformasjonen til det grøne skiftet har også byggenæringa meldt seg på. På alle nivå, frå overordna kommune og reguleringsplanar ned til detaljar og energiberarar for prosjektet vert klima og miljø-tankar implementert. Også i gjennomføringa av byggeprosjektet blir materialbruk og logistikk nøye vurdert, prosjekteringa tek høgde for at gjennomføringa av byggeprosjektet skal skje med så låge miljøfotavtrykk som mogleg. Ein opplever at bygg og anlegg får auka status og attraktivitet når kvalitetar som ivaretek miljø er lagt inn og gjennomført på ein berekraftig og god måte.

Vi helser debatten frå NAL velkomen og det gler oss at arkitektane også ser seg sjølv som ein del av svaret på å nå måla som Paris-avtalen set.   Det har skjedd svært mykje på få år, men enno har vi mykje å arbeide med, og der er Statbygg i tet.  Regjeringa skal syte for at det også vert slik i tida framover.