Sagastad, Nordfjordeid. Arkitekt: Nordplan. Foto: Nordplan

SoFA-samling i Nordfjordeid 29.-30. november

Tekst Torkjel Lavoll Sist oppdatert 01.11.2019
Husk påmeldingsfristen 3. november. Vi håper mange tek turen til Nordfjordeid for fagleg påfyll, gode samtaler og fest!

Meld deg på innan søndag 3. november til sl@nordplan.no.

Fredag 29. november blir det aktuelle føredrag og presentasjonar. Det vil og vere synfaring på Sagastad, som opna i mai i år. Les mer om senteret på Nordplan sine nettsider og på NRK Sogn og Fjordane. På kvelden blir det middag og fest på fylkets beste plass for mat og drikke: Aske Gatemat & Bryggeri.

På laurdag blir det bokslepp for den nye arkitekturguiden for Sogn og Fjordane. Boka har vore under arbeid i 10 år av Kolbjørn Nesje Nybø, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) og Torkjell Djupedal, Selja forlag. Dette blir eit praktverk!

Det er gjort avtale om overnatting på Nordfjordeid hotell for dei som treng det.

PROGRAM

Fredag 29. november

15:00

  • innsjekking inn på Nordfjord hotell.

15:00 – 19:00

  • Omvising Sagastad.
  • Torkjel Bruland Lavoll, leiar SOFA, ståa i NAL.
  • Presentasjon av Sagastad, Nordplan AS, Sivilarkitekt Arild Wåge.
  • Bygg, berekraft og anbod, Tage Rickard Sundell, overingeniør, bygge- og eigedomstenesta Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Nordvestvindu AS, Moglegheiter.
  • Konsekvensar av materialval og arkitektens rolle i verdikjeda for tre. Idear til korleis vi som arkitektar kan og bør auke bruken av lokalt trevirke, Nikoline Søgnen og Ida Wressel, begge studentar ved BAS

20:00

  • 3 rettar på Aske

Laurdag 30. november

12:00

  • Slepp av arkitekturguide for Sogn og Fjordane i Gamlebanken på Nordfjordeid.

Overnatting på Nordfjord hotell

  • Enkeltrom 990,- / Dobbeltrom 1400,-
  • Pris inkl. frukost og tilgang til trimrom, badebasseng, stamp og badstu. 

Meld dykk på innan søndag 3. november til e-postadressa: sl@nordplan.no
Spesifiser eventuelle allergiar og type rom.

Vi har vore heldige og fått med Nordvestvindu AS frå Almenningen til å vere sponsor.

Vi håper mange tek turen til Nordfjordeid for fagleg påfyll, gode samtaler og fest!

Styret i SoFA

AAB10ECF07C34B65AE5B43E278FD645AAAB10ECF07C34B65AE5B43E278FD645A

Sagastad. Foto: Nordplan