Flere søkemuligheter

Rehabilitering og universell utforming av verneverdig kyrkje

  Sist oppdatert 31.01.2012

Dei færreste kyrkjer fra 1800 - talet er i utgangspunktet gode eksempler på universell utforming. I Time har nennsom rehabilitering gitt ei kyrkje som tar vare på sitt særpreg, samtidig som tilgjenge er blitt betre for alle.

Korte fakta

  • Interiørarkitekt: Link Signatur
  • Prosjektperiode: 2009

Time kyrkje er frå 1859 og er ei godt bevart Lindstowkyrkje. Dette vil si at kyrkja er teikna av lokal arkitekt, men etter ein mal laget av arkitekt Linstow. Altertavla, og spesielt krusifikset, er av nasjonal interesse, og er frå 13-1400 talet.  Kyrkja er verna og listeført hos Riksantikvaren. Dette betyr at det er strenge begrensingar på kva ein kan gjere med bygget. Kyrkja er tidligere rehabilitert i 1929, 1959 og 2000.

Dette er ei levande menighetskyrkje, men samtidig ei viktig sermonikyrkje, med 80- 90 gravferder, 40 -50 vigslar og mange barnedåpar per år.

Bakgrunnen for rehabiliteringa var at den opprinnelige utforminga av kyrkja ga mange uverdige situasjonar. For eksempel var rullestolbrukarar avhengig av hjelp for å kome inn og ut av kyrkja. Det var laga ein rullestolinngang som førte inn ei sidedør, noko som ikkje gav ein rullestolbrukar tilgang til korparti, alter eller døypefont. Dei kunne berre sitje heilt bak eller i midtgangen. Kyrkja hadde dårlig lysforhold og ei teleslynga som berre dekte delar av kyrkjerommet.

Disse forholda ynskte menigheten å gjera noko med i samband med rehabilitering av kyrkja til 150 års jubileet. Time kommune var på denne tida pilotkommune universell utforming og hadde eit stort fokus på temaet.

Menigheten starta prosessen med å kontakta kyrkjekonsulenten ved bispekontoret i Rogaland. Dei fekk økonomisk støtte til planlegging,  med ei lokal plannemd som styrte prosessen. Senior – og Brukarrådet i kommunen vart konsultert underveis.

Arkitekten utarbeida ein søknad som vart sendt til bispedømekontoret og til Riksantikvaren til uttale. Riksantikvaren var i utgangspunktet skeptisk til at endringane ville øydeleggja kyrkja sitt særpreg. Samtidig var ein klar over nytt lovverk som låg klart til godkjenning i Stortinget (Diskriminerings –og tilgjengelighetslova trådde i kraft 01.01.09).

Universell utforming

Prosjektet satte fylgjande mål for rehabiliteringa:
- Det skulle vere ein hovudinngang til kyrkja
- Det skulle vere tilgang til korparti, alter og døypefont for alle
- Tilbakeføre gamle lampar frå 1929
- Lys –og lydforhold skulle oppgraderast
- Rullestolbrukarar skulle kunne sitje fleire plassar i kyrkja

I tilegg satte Riksantikvaren nokon føresetnader: Golvet skal ikkje rørast, lina med dørene skal vere intakt og evt. endringar i fargebruk skulle være i henhold til interiøret frå 1929.
Menigheten fekk 1 mill kroner i støtte av kommunen, som skulle dekkja utbetringa.

Innenfor disse rammene vart fylgjande tiltak ble gjennomført:
- Det er blitt ein hovudinngang for alle hvor trapp og rampe møtast framfor hovuddør
- Trinnfri og breid adkomst til benkerad
- Det er lagt rampe oppå eksisterande golv
-   Det er laga rampe opp til alter, kor og døypefont. Korskrankane er redusert i høgde for å    betre oversikt fram til koret
- Lysforholda er kraftig forbetra.
- Det er sett inn nye lampar slik at antall lux er oppgardert frå 100 til ca 250 lux
- lydforhold er oppgradert med nytt høgtalaranlegg og ny telelsynge som dekker heile kyrkjerommet
- Det er merking for teleslynge
- Teppe i korpartiet er fjerna, noko som har gitt eit betre inneklima.


Plannemda som leia byggjeprosessen, ser fylgjande punkt som viktige for at ein har lukkast i arbeidet:
- klar bestilling til arkitekten
- lyttande arkitekt, som fekk til ein god dialog i prosessen med å finna dei gode løysingane
- dyktige håndverkarar, som var med som aktørar for å diskutere og finne dei gode løysingane


PROSJEKTDETALJER

Adresse: Øvre Time
Sted/bydel: Bryne
Prosjektperiode: 2009
Status: Ferdigstilt
Prosjekttype: Ombruk / Rehabilitering / Transformasjon
Funksjon/Bygningstype: Kirke/krematorium

PROSJEKTTEAM

Byggherre: Time kyrkjelege fellesråd
Interiørarkitekt: Link Signatur
Tegningene kan inneholde feil og kan beskrive løsninger som ikke er i overenstemmelse med lov og forskriftskrav. Tegningene er kun for inspirasjon og er opphavsbeskyttet. Norske arkitekters landsforbund er ikke ansvarlig for tap eller skade forårsaket av noen form for videre bruk av publiserte tegninger.

KILDER

TIME KYRKJE - TIME KOMMUNE. Presentasjon og evaluering er gjennomført av Time kommune saman med kyrkjeverje.