Vårprogrammet avlyst

Tekst Gitte Langlo Sist oppdatert 01.04.2020
På grunn av fare for koronasmitte, vert alle planlagte møte og arrangement i MAF-regi for våren 2020 avlyste. Vi vil prøve å følge opp dei avlyste aktivitetane så snart det er mogleg å samlast fysisk igjen, forhåpentlegvis til hausten.

Til opplysning er også Representantskapsmøte for lokallagsleiarane som skulle vere i juni, foreløpig meldt flytta til september.

Som erstatning for fysiske møter jobbar vi med å finne alternativ.

Vi har hatt dialog med NAL og som erstatning for nettkurset vi var tenkt å vise i mai, vil vi tilby dette kurset som gratis nettkurs til alle medlemmar som ønsker dette. Vi vil kome tilbake med opplegg for påmelding og tilgang til dette nettkurset så snart vi kan. 

I tillegg søker vi å finne ei løysing for å kunne få til videomøter i staden for å møtes til Arkitektlunsj. Dette rakk vi ikkje for aprilmøtet som skulle vere 1. april, men vil sjå om vi kan få til noko i mai. Innkalling kjem så snart vi har eit opplegg klart.

Vi ønsker alle ei riktig god påske sjølv om den for mange ikkje blir heilt som planlagt. I år gjeld det å være kreativ og ha det kjekt i lag med dei ein kan ha rundt seg – på kortreist vis!

Helsing styret i MAF