Vårprogrammet utsett på ubestemt tid

  Sist oppdatert 22.03.2020
På grunn av koronakrisa er det usikkert kva tid neste forelesing i regi av BAF blir. Styret ser nå på muligheten for å kringkaste arrangement via digitale plattformar.

Vårprogrammet 2020 kom som vedlegg til Arkitektnytt 3/20. Dessverre er det lite sannsynleg at nokon av forelesingane som står oppført i programmet denne våren blir noko av.

BAF såg fram til å få besøk av Vandkunsten, Karamuk Kuo og Mos architects. I tillegg gjenstår viktige diskusjonar når det gjeld utbyggingar i mellom anna Griegkvartalet og på Mindemyren. Det trengs òg ein dugnad for klima gjennom Architetcts declare.

BAF jobbar nå for å få til ekstra fyldig program når byens scenar åpnar for publikum igjen. Me er òg i gong med å sjå på om nokon av arrangementa våre kunne ha eigna seg for digitale plattformar.