Vedtekter

  Sist oppdatert 13.09.2018
Sogn- og Fjordane Arkitektlag ble stiftet 13.10.1983. Vedtektene ble sist endret av styret i foreningen 30.09.2016 og formelt godkjent av NALs styre 11.10.2017.

 

 VEDTEKTER FOR SOGN OG FJORDANE ARKITEKTLAG

1.          LAGET OG MEDLEMENE
       
1.01     Laget er ei lokalforning (ein del) av Norske arkitekters landsforbund, som er ein fagideell medlemsorganisasjon for arkitektar i Noreg. Forbundet og laget er sjølvstendige økonomiske einingar.
       
1.02     Medlemane i laget er dei arkitektar MNAL som bur eller har fast arbeidsstad i Sogn og Fjordane. NAL sitt styre kan etter søknad gje dispensasjon frå dess føresegnene (medlemskap i anna lokllag eller direkte slutta til NAL. Jfr. NALs vedtekter 1.02.)
       
1.03     Laget skal arbeide for å fremje god arkitektur og styrke medlemmane sine felles interesser. Laget skal være eit debattforum for aktuell arkitekturpolitikk og styrke medlemmane fagleg og kollegialt. Laget skal bidra til samarbeid med andre tilstøytande fagområde.
       
2.     TILLITSVERV I LAGET
       
2.01    

Styret er samansatt av:

        1 leiar
        1 sekretær/kasserar
        1 styremedlem
       Det kan i tillegg veljast inntil to varamedlemer:
        (1 - 1. varamedlem)
        (1  -2. varamedlem)
       
      Styremedlemmane si funksjonstid er tre år, fra 1. januar til 31. desember. Styret bør væe samansett av kvinner og menn.
       
2.02     Utsending til NAL sitt representantskap skal vere medlem av styret. Det kan ikkje påleggast å møte i representantskapet med bunde mandat i noko sak.
       
2.03     Revisor: Funksjonstida er tre år. *
       
2.04     Valkomite:  Styret fungerer som valkomite. Funksjontida er tre år.
       
3.     KONTINGENT OG AVGIFTER
       
3.01     Lagskontingenten og eventuelle avgifter vert fastsett av årsmøtet og gjeld til endring er vedtekten på liknande måte.
       
3.02     Styret kan frita eit medlem for lagskontingent i opptil eit år, eller for det tidsrom vedkommande er innvilga fritak eller reduksjon i medlemskontingenten i høve NAL sine vedtekter.
       
4.     MØTE OG AKTIVITETAR
       
4.01     Styret er ansvarleg for å organisere møter og andre arrangementer for medlemene etter trong og innrette aktiviteten i laget slik at styret finn det føremålstenlig innanfor disponible ressursar. Det skal haldast minst to lagsmøte i eigen regi kvart år. Program for møta vert sendt medlemene på førehand.
       
4.02     Det vert ført protokoll i saker der vedtak vert fatta. Protokollen vert underskriven av leiar eller sekretæren, og vert referert i årsmeldinga.
       
5.     ÅRSMØTET
       
5.01      Årsmøtet er laget sitt øverste styringsorgan. Berre medlemer kan møte. Fråverande kan ikkje stemme.
       
5.02     Ordinært årsmøte vert halde innan utgangen av mai kvart år. Innkalling vert sendt medlemene minst tre veker i førevegen.
       
      Følgane saker skal handsamast:
      1.   Årsmelding
      2.   Rekneskap
      3.   Fastsetjing av kontingent
      4.   Budsjett
      5.   Val
      6.   Eventuelle saker frå NAL
      7.   Eventuelt
       
5.03     Ekstraordinært årsmøte vert innkalla når minst fem medlemer skriftlig krev det, eller når styret ynskjer det.
       
5.04     Styret kan gjere vedtak om at handsaming av laget si årsmelding, revidert rekneskap, kontingent, val til laget sine tillitsverv, vedtektsendring og spørsmål om oppløysing av laget, skal skje ved skriftlig uravstemming eller dei same retningslinjer som gjeld for forbundsvedtak i NAL. Motforslag til voteringstema kan bli stilt skriftleg av 5 medlemer i fellesskap med personlig underskrift.
       
6.     VEDTAK
       
6.01     Vedtak i årsmøtet til laget er gyldig når:
     

1.   Saka er ført på dagsorden, og

      2.   Innkalling med dagsorden og alle framlegg og naudsynte dokument er sendt ut     seinast ei veke i førevegen.
       
6.02     Styret må ha motteke saker ein ynskjer teke opp i årsmøtet seinast to veker før.
       
6.03     I vanlege medlemsmøter kan det ikkje gjerast vedtak i viktige saker som ikkje er ført på programmet.
       
6.04     Vedtak vert gjort ved enkelt fleirtal når ikkje anna er særskilt fastsett. Ein stemmer skriftleg, nårminst to medlemer krev det.
       
6.05     Endring i lover må vedtakast med minst 2/3 fleirtal i årsmøtet eller ved skriftleg uravstemming og godkjennast av NAL.
       
6.06     Oppløysing av laget krev 3/4 fleirtal i årsmøte eller ved skriftleg uravstemming. Laget sine mindlar tilfell NAL dersom ikkje anna vert bestemt ved enkelt fleirtal.
       
7.     VAL
       
7.01     Årsmøtet vel styre og revisor.
       
7.02     Styret sitt framlegg til val av styre og revisor vert sendt medlemene saman med innkallinga. Vedtak vert gjort ved enkelt fleirtal, dersom ikkje anna er særskilt fastsett. Det vert stemt skriftleg dersom minst tre medlemer krev det.
       
7.03     Leiar vert vald av årsmøtet. Funksjonane til dei andre medlemene vert fordelte av styret sjølv.
       
7.04     Det vert ført liste over dei tillitsverv kvart medlem har. Gjenpart vert sendt NAL snarast etter valet.
       
8.     STYRET
       
8.01      Styret skal leie arbeidet i laget. Styret er vedtaksdyktig når det er fulltallig. Styret kan gjennomføre møte som telefon/videomøte. Styret fører protokoll i møta sine. (og sender til eventuelt fråverande medlemer i styret). Saker som vert avgjort direkte av styret skal refererast i første lagsmøte.
       
8.02     Styret har ansvar for at økonomien i laget vert styret på ein forsvarleg måte.
       
8.03     Styret tek vare på alle funksjonar som NAL sitt lovverk tillegg særlege komitéar eller utval i lokallaget.
       
9.     REVISJON *
       
9.1     Revisor skal ha gjennomgått rekneskapet og gjeve si fråsegn før det vert sendt ut til årsmøtet.

 

Laget er ikkje underlagt regnskapslova og har ikke revisorplikt så lenge omsetninga er under gjeldande grense. Laget kan sjølve velje om ein vil nytte revisor eller ikkje.