BRUKET arkitektur as

BRUKET arkitektur asPB 1235701 Voss
Telefon: 97585853 E-post: mari@bruket.no Nettside: http://bruket.no

FAKTA

Virksomhetstype: Arkitektur Etableringsår: 2014 Antall medarbeidere: 5 Lokalisering: Fylke

Kort om kontoret

BRUKET arkitektur starta opp på Voss i 2014, og har i dag fem ansatte. BRUKET er eit bygdekontor med sterkt engarsjement for stadsutvikling i distrikta. Kontoret har fokus på tett oppfølging av kundar, skreddarsydde løysingar og rasjonelle prosessar. Kontoret har som mål å levera bærekraftige løysingar som spelar på lag med miljøet og bidrar til å skapa rom for enkeltmennesket i felleskapet.

Prosjekter

Ygdrasyl

Voss, NorgeGründeren Julian Ruiz har en visjon om en bygning med evnen til å dyrke mat og skape energi hele året – uansett vær – med null karbonutslipp. Ygdrasyl kan, og vil gjøre dette. Vi har gått sammen med Julian for å formgi og videreutvikle dette prosjektet.

Hytte Synstholmen

Synstholmen, NorgeTotalrenovering av eksisterande hytte og nytt tilbygg. Takformer og arkitektonisk uttrykk fornya med fokus på tilpassing til terreng og landskap. Takvinkelen fyljer i stor grad hellinga på landskapet slik at ein unngår store fasadeflater mot sjøen. Eit stort vindauge i stova opnar seg mot utsikta i syd-aust. Delar av glasfelt i fasaden mot sjøen er og visuelt tona ned ved bruk av mobile spile-skodder som kan opnast og lukkast etter behov.

Bjørkeli DPS

Voss, NorgeDistrikspsykriatisk senter. Kontorbygg med møterom, stove og gymsal. Bygg i to etasjar på relativt trang tomt. Takkonstrukjon i limtre. Bygget har eit lett og mjukt preg. To fløyar med avrunda form signaliserer både openheit og vern, og gir i tillegg gode uterom. Kontorfløyar med svalgangar for vindusvask og solskjerming i lys gul farge understrekar det lette preget og gir klimasone utom veggen. Grønt tak med sedumbeplanting. Interiør med overlys, roleg fargebruk og framtredande bruk av tre.

Logg inn