Mens vi ventar på gondol
Det brukte å vere noko her, noko vakkert og forstyrrande på same tid, og det verka viktig, ein visjon om noko som skulle komme, ei glitrande framtid som kanskje ingen heilt trudde fullt og heilt på, men som blei prenta inn i oddingane frå tidlig av, skriv Frode Grytten.
Av Frode Grytten
Som oftast blir eg introdusert slik: Frode Grytten treng ingen nærmare presentasjon. Dette er veldig sårande. Eg har skrive ein drøss med bøker, eg har vunne ein haug med prisar, eg er omsett til alle verdsspråka, pluss ein heil del andre. Det er vital informasjon som må ut til folket. No har eg altså sjansen. Eg er fødd i Bergen, eg voks opp i Odda, vår vesle familie flytta inn dit då eg var tre år. Mitt første minne er av utsikta frå vindauge i bustaden på Tokheim. Eg som glor ned på zinkfabrikken, eg som ser alle lysa og pipene med damp stigande opp, skipa som kjem for å losse og laste, bilane og truckane som kjører til og frå på kaia.
Tre år seinare flytta vi frå Tokheim til Hjøllo, foreldra mine bygde hus saman med eit vennepar, to hus tett-i-tett. Huset vårt låg på austsida av elva Opo, ho som kvitt og nådelaust deler Odda sentrum i to. Vi budde rett over elva frå smelteverket, kvar morgon vakna vi til lyden av ein fabrikk som gnissa og gnura, hylte og brumma. Kvart halve minutt kom eit djupt sukk eller stønn, digre digler opna seg og sleppte ned kalkstein i lageret under skaltaket der, i mange år var det Oddas puls.
Hjøllo betyr eigentlig hjall eller hylle, og det vesle samfunnet var bygd rundt ein annan, langt mindre fabrikk, Låte Møbel. På den nedste hylla låg sjølve fabrikken, på neste hylle budde mange av arbeidarane, og på topphylla budde direktøren sjølv, Jakob Låte. Faren min, Leiv, fikk jobb på kontoret, han skulle eigentlig ha blitt sildefiskar og overtatt bestefars notbruk i Stavang, men på ein bytur til Bergen hadde han truffe mor mi, Rannveig, og så gikk det slik det gikk. Far min gjorde klassereisa på sekstitalet då kontorsjefen på møbelfabrikken viste seg å vere ein notorisk kriminell, han kom utanfrå, ingen kan ha sjekka mannens fortid, og han reiste frå Odda med store delar av fabrikkens midler.
Låte Møbel var konkurs, og far min blei spurt om å bli ny disponent i eit forsøk på å redde drifta ved å gjøre fabrikken om til eit AS. Han vegra seg, han ville ikkje, han tenkte at han var for ung og uerfaren, det var eit altfor stort ansvar, men det var ein finfin fabrikk, dei lagde nydelige møblar, og det var rundt 40 tilsette som ville miste jobben om dei ikkje dreiv vidare. Så han sa ja, og plutselig var eg og bror min blitt borgarungar.
Eg trur ikkje vi var merksam på dette sjølv, men i vaksen alder har eg blitt gjort merksam på det gjentatte gongar, ikkje minst av forfattarkollega Lars Ove Seljestad. Far hans arbeidde på Odda smelteverk, og for Lars Ove var verket hans odelsgard. Basert på opplysningar om at bror min og eg hadde kvart sitt rom i oppveksten, meinte Lars Ove at eg måtte vere frå borgarlig heim. Slik er det i Odda. Eg kan ikkje kan hugse at han nokon gong var heime hos oss, og det må seiast at foreldra mine er dei minst borgarlige menneska eg har møtt, vestlandske og nøkterne i alt. Det hører også med til historia at vi brørne faktisk måtte dele rom i mange år, heilt til far min fann ut at vi ikkje trong ein potetkjellar og rommet blei frigitt til bruk for storebror min.
Kvar morgon i oppveksten hørte eg fars steg ute, på veg ned til møbelfabrikken, stega i grusen om sommaren, stega i knirkande snø om vinteren. Han gikk ned den vesle bakken, sette seg i ein stol i kontorbygget, like ved sjølve fabrikkbygninga. Ja, eg også gikk ned dit, vi jobba der som gutar og ungdomar, stabla plank, lagde knappar, pussa og kosta, hjelpte lakkeraren i boksen, gikk heim igjen, opp bakken, full i liv, full i lakk, høg som eit juletre.
Fotballbanen vår låg like ved elva, på det som var Odda smelteverks fylling for avfallsmasse frå karbidproduksjonen. Eg var der nede på banen seint og tidlig, elska å spele, kom heim skiten og fæl, glad og fyrt opp. Under føtene hadde vi altså karbid som var forkasta borte på verket, karbid dei ikkje ville få selt på den globale marknaden, og som dei dumpa lokalt. No og då kom lastebilar med karbid som framleis var verksam. Om vi henta vatn frå elva og så sette ei fyrstikk borti, fikk vi acetylengass, det small som faen, og fleire av oss dynamittgutar måtte opp på sjukehuset for å skylle karbid ut av augene.
Fyllinga bare voks og voks, blei til ein liten ås, vi måtte flytte fotballbanen vår litt lenger ned, ballen fauk på elva no og då, det var ikkje alle pasningar og skot som sat slik dei skulle, og den uheldige måtte løpe etter ballen nedover den strie Opo, mens vi andre blei ståande i ring mens vi preika, erta, laug, skrøna, vitsa og kødda. Eg veit at dette minner mest om ein Charles Dickens-roman, eller ein flott tv-serie i jula, bygd på Dickens, møkkete gutungar som står der i skumringa på bruksnummer 2 i Odda.
Men slik var det, dette var Oddas historiske augneblink. Det var i desse tiåra at sosialdemokratiet nådde sin topp. Med kamp og fellesskap hadde arbeidarklassen sivilisert kapitalismen, velferdssamfunnet var nær ved å bli fullbyrda, alle visjonar var innan rekkevidd. Året 1974 var det historiske året då det fanst flest arbeidarar i verda, etter 1974 tok prosenten av folk sysselsett i industrien til å gå ned. Etter 1974 gikk ikkje ting av seg sjølv lenger, og nokre få år seinare skifta verda retning med Margaret Thatcher og Ronald Reagan. Norge fann olja, og blei ein ny nasjon, industrien flytta frå fjordane ut til kysten og havet.
Odda Smelteverk gikk endelig konkurs i 2003, etter ei gradvis avvikling. Dei britiske eigarane hadde selt seg ut på nittitalet, amerikanske og tyske eigarar hadde tatt over. Philipp Brothers Chemicals og Degussa skulda på høge straumprisar og svikt i salet av karbid, men i ettertid ser det heile ut som eit rått slakt av ein nesten hundre år gammal hjørnesteinsbedrift. Internasjonale kapitalistar ville kvitte seg med ein viktig konkurrent og så ta ut verdiar ved å selge fabrikkens innmat og indrefilet til Tyskland, Argentina, Kina. Smelteverkets direktør i denne kritiske perioden var Robert Hermansen, Røde Robert, som han blei kalt, ein radikal industrileiar som gikk framst i første maitoget i Odda mens han samstundes jobba ivrig for å gjøre sine eigne tilsette arbeidslause. Som det heiter: Det er av sine eigne ein skal ha det.
Så kva gjør ein etter eit hundre år langt industrieventyr? Kva gjør ein når ein tredjedel av sentrumsarealet er ein samtidsruin? Kva gjør ein med omnshus, teglsteinsbygningar, taubanar, kontrollrom, kontorbygg, fabrikkbygningar, støv og drit og all slags faenskap som ligg igjen etter utanlandske eigarar som bare har stukke frå åstaden? For politikarane i Odda var det enkelt å svare på det. Ingenting. Ingenting, var svaret. Ingenting gjorde dei. Ingenting tenkte dei. Ingenting skjedde. Dei hadde tidenes sjanse til å utvikle byen til noko unikt. Ingenting gjorde dei.
Meir enn tjue år etter konkursen er det reist to nybygg på den gamle smelteverkstomta, det er ein ny Rema-butikk og Odda helsehus (med Extra og Apotek1). Ved opninga i 2021 slo kommunen på si største tromme, det var smil og snorklipping og korpsmusikk. Ordførar Roald Aga Haug meinte at dette var ein milepæl for den nye bydelen. I lokalavisa kunne ein lese at oddingane no hadde fått enormt mykje meir parkering, samt ein ny panteautomat, der det var mulig å tømme heile sekkar med flasker oppi automaten. Butikksjef Reidar Hammer kunne melde til lesarane av Hardanger Folkeblad at dette var genialt.
Eg veit, eg veit. Det er lett å sitje her eg sit, på eit arbeidsrom framfor ei datamaskin, i Bergen, langt unna Odda, og gjøre narr av lokale folkevalte og vanlige slitarar. Dei forsøkte nok, dei prøvde nok, dei ville nok. Men eg kan ikkje med mi beste vilje seie at dei lykkast med å transformere industristaden til noko anna, ta Odda inn i ei ny tid. Kanskje var det umulig å lykkast, det var som å overta eit fotballag der kulturen er sett, der ein må spele ball i eit visst system, elles blir det opprør blant presse og publikum, der fortidas storheit stansar forsøk på nytenking.
«Aktørar utanfor Odda har igjen kasta sine auge på staden. Her finst nye investorar, her finst ferske pengar.»
Det hører med at Odda i nesten to hundre år har vore avhengig av verda der ute. Først som turiststad, dei aller rikaste i Europa kom til Odde i Hardanger for å oppleve fjord, fjell, fonn. Dei henta med seg delar av breane, is som dei skulle ha i drinkane på ulike herreklubbar i London, Liverpool, Paris, Berlin. Seinare kom fosseoppkjøparane og industripionerane, dei hadde kasta sine auge på området, dei såg at her kunne ein lage kraft, og med kraft kunne ein lage karbid, zink, aluminium. Odda blei avhenging av råstoff utanfrå, avhengig av svingningane på den internasjonale marknaden, avhengig av auking i straumprisane, avhenging av det store spelet om kraftproduksjonen.
Då smelteverket gikk konk, var det ingen som kom for å hjelpe. Ap-regjeringa tvådde sine hender, vaska og vaska dei inne i Oslo, ingen kom til unnsetning. Jens Stoltenberg kom aldri til Odda, ikkje ei hand til hjelp, ikkje eit einaste ord til trøst. Odda fikk klare seg sjølv. Slik er det. Politikk er ikkje lenger å handle, næringspolitikk er å halde fingrane av fatet, kapitalismen må få fritt leide, må få verke utan innblanding. Over heile verda er profitten kledd i kappe, talar med moralsk røyst, dei som ikkje lenger kan tene til eige opphald, får klare seg sjølv, dei som har sett framtida si sprekke, får flytte eller finne på noko betre. Dei ga sin kropp og sitt liv til denne fabrikken, flokkar av menn (og etterkvart nokre kvinner) som jobba og sleit, dei stempla inn tre gongar i døgnet, klokka 0600, klokka 1400, klokka 2200, jobba utan klarheit eller vissheit. Ein fabrikk er i heile sitt vesen framandgjørande. På smelteverket fikk ein råstoff skipa inn på importkaia, segla inn av utanlandske skip, råstoff som blei frakta med vagger til enden av taubanen, så blei det smelta og brunne og miksa og triksa gjennom anlegget, før det igjen blei skipa ut på fjorden frå eksportkaia, framleis i form av råstoff, som noko ein ikkje heilt og fullt visste kva var eller kvar det skulle vidare i verda.
Denne utviklinga, frå primær til sekundær til tertiær, har lite med teknologi å gjøre, har lite med post-industrialisme å gjøre. Det handlar ikkje om ei ny tid eller at ein ikkje har makta å omstille seg, det blør ut frå og renn inn i kjensgjeringa av at alt som er viktig for folk på ein stad som Odda, blir sett på som totalt irrelevant for dei som er i posisjon, dei som styrer dei økonomiske realitetane vi lever i og dør av. Korleis skulle lokalpolitikarar inst inne i ein fjordarm makte å handtere noko slikt? Det måtte nesten ende med litt meir parkering, innjøp av kjøttdeig i ny bydel, og tømming av flasker i panteautomaten.
Om ein skulle gi Odda eit kjønn, måtte det vere ein mann. Staden er ein mann i førtiåra, ja, kanskje femtiåra, vittig og oppspilt, antiautoritær og sjølvopptatt, engasjert og storkjefta. Eit nytt Odda har likevel så smått dukka opp, eit Odda som har vendt seg mot det som ein gong var Hardanger-Odda, staden som tok imot turistar, ein region som trassig held fram med å dyrke frukt og lage nydelig sider, som med open famn tar imot vandrarar og fjelltullingar, alt i småskala, og oftast på naturens premisser. Men dette er eit feminint Odda, eit mjukt Odda, som står i motsats til det maskuline Odda, macho Odda som er bygd på rå muskelkraft, og eit syn på naturen som noko som finst der for mennesket, noko ein er i stand til å temme og råde over.
For lokalpolitikarar med føtene planta i tradisjonen, er småskala turisme og ulike kulturuttrykk nettopp det: småskala. Det er for smått, det er for femi. Slike menn må alltid tenke stort og drømme stort, dei må ha ambisjonar om å bli fotografert ved sida av noko stort, eitt eller anna stort, helst gigantisk, noko dei har tatt initiativ til å få bygd eller skapt. Same kva det er, eit helsebygg, ein matbutikk, eller helst endå større, ein gondol, eit hotell, bare det kjem i kategorien STORT, stort nok til at ein ser viktig og handlekraftig ut om ein blir fotografert ved sida av det.
Aktørar utanfor Odda har igjen kasta sine auge på staden. Her finst nye investorar, her finst ferske pengar. Eide-brørne, Tom og Iwan, som eig Spar Kjøp, satsar no stort i Hardanger. Brørne står bak etableringa på Hjøllos menneskeskapte fjell, det som ein gong var fotballbanen vår, det som ein gong var smelteverkets søppelhaug. Oppå alle lag av drit og karbid og fortid er det no opna ein campingplass, marknadsført som Norges råaste campingplass. Med Lothepus som gallionsfigur og TV2 som ukritisk medhjelpar i etableringsfasen, har fyllinga på Hjøllo fått både hytter, eit langhus og ei stavkyrkje. Dette er Oddas regresjon, ein sjukdomsprosess tilbake til ei tid som aldri har eksistert, eit disneyland med vikingar og spanske erobrarar.
Men i Norge må ein kunne slå fast at regresjon reknast som eit framsteg, og stavkyrkja på Hjøllo, sentralt plassert i mitt eige barndomsland, har fått både sivilisasjonsprisen for sin byggeskikk og heidersprisen frå Arkitekturopprøret som landets vakraste bygg. I Norge er altså dumskap både sivilisasjon og prisverdig estetikk. Teljemaskina til Arkitekturopprøret gikk rett nok i surr ved 20.000 stemmer i nettkåringa, men folkets dom var klar, dei var einig i juryens nominasjon: Eit bygg prega av formglede, moderne handverk og nytolking av eldgammal arkitektur.
Eide-brørne er også inne i Hardanger Lift saman Leif Einar Lothe. Dei vil bygge ein gondol som skal ha sin nedre stasjon under det gamle skaltaket på smelteverksområdet, før han skal stige opp til Oddas høgaste fjell, Rossnos, 1407 meter over havet. Gondolen blir skildrapå rørande vis på Hardanger Lifts eiga nettside: Naturtru og diskré arkitektur med bygg i miljøvennlege materialval. Augene mine blir nesten fuktige av glede, åh, dei skal altså ta vare på naturen og miljøet ved å gi fjella til dei rike, ved å forære fjella til bergenske investorar som igjen skal gi dei vidare til feite turistar som ikkje orkar å bevege seg oppover ei fjellside før dei vippar fram mobilen og tar bilde av seg sjølv.
Akkurat no er det villreinen på vidda og statsforvaltaren i Vestland fylke som hindrar Hardanger Lift i å få opp sin gondol. Sjølv om dei altså har sagt seg meir enn viljuge til å stanse banen i nokre minutt om villreinflokken skulle nærme seg Rossnos. Ja, eg ser det for meg. For ein omsorg, for ein nestekjærleik. Også Ullensvang kommune har gått inn i selskapet, dei ønsker seg arbeidsplassar og sentrumsutvikling, vil ha meir fart og meir futt. Ordføraren er i tillegg ein sentral figur i dokusåpa Lothepus Camping på TV2, der han figurerer som ein slags personlig assistent for Lothepusen. Rolleblanding? Spelar inga rolle!
Å opponere mot regresjon og eit sjukelig tilbakefall til vikingtida, vil dømme ein kvar til å spele rolla som antagonist eller folkefiende. Drapstruslar ventar, harde ord ventar, ublu meldingar på telefonen ventar. Eg blei sjølv karakterisert som ei Miss Universe då eg skreiv lesarbrev i mild protest mot Oddas omfamning av det som utvilsamt er steg mot masseturisme. Det var ordføraren sjølv som casta meg som det, eg var som ei miss som snakkar om å redde verda, men som plaprar i veg med tom hjerne. Ap- ordføraren hadde konferert med tidligare Ap-ordførarar før han sende frå seg sitt innlegg, så eg går ut frå at dette er offisielt syn i Odda Herreds Arbeidarparti. Eg er ei femi miss utan peiling. Det gjør meg glad, sjølvsagt, eg ser betre ut enn ordførarar i grå dressar og dårlige frisyrer. Men det er verdt å merke seg at motstand mot maskulin byutvikling straks blir kjønna og stempla som feminin. Drapstruslane var forresten også kjønna, eg skulle drepast med eit mannlig kjønnsorgan.
Mens vi ventar på gondolen, for han kjem vel, han må komme, han kjem til å komme, som i ein Fosse-roman, samfunnet kan ikkje stanse folk med kapital i ryggen i evig tid, rike folk og lokalpolitikarar må få sine fjell og sine nutar og si fortente penisforstørring, noko digert til å bli fotografert ved sida av, kan vi glede oss over både det eine og det andre. Zinkfabrikken på Eitrheim har utvida, og går godt framleis. Omn 3, den største lukka kalsiumomnen i verda, er tatt vare på og er nylig blitt stilig bussterminal og kulturminne. Det var riksantikvaren som freda omnen, mange oddingar ville bare rive driten, som dei uttrykte det. Men så flott kan det bli om ein tenker seg litt om og gjør alt rett.
Odda er ei misforståing, Odda er feilstinget i hardangersaumen, Odda er ein opposisjonell tulling midt i nasjonalromantikken. Det har gjort sitt til at Odda er gjenstridig, ein fyr som stadig blir slått knockout, men som reiser seg og slåst vidare. Eg har trua på Odda, eg elskar Odda, eg vil at Odda skal vere Odda, eg vil at Odda skal ha blikket retta framover, ikkje bli eit fantasiland for rosa cowboyhattar, sparkjøp-kapital, generisk festmusikk, nesten-vikingar som kjem roande frå Karmøy og amerikanske turistar med rutete bukser. Eg veit ikkje, eg aner ikkje, eg har ikkje peiling, eg er bare ei miss, men kan det vere så mykje å forvente?
I forordet til fotoboka In Flagrante av engelske Chris Killip skriv John Berger og Sylvia Grant om det vesle ordet «love», ordet som vanlige folk ofte hektar på sine setningar, ordet som ein gong fanst i butikkane, på bussane, i iskremsjappene, eit ord for omtanke, for rørsle, ei opning og ein slutt. Yes, love. Yes, luv. Ja, kjære. Korleis har du det, kjære? Reis deg opp, kjære. Takk, kjære. Dei spekulerer i om ordet er i ferd med å forsvinne frå det engelske språket, og om det blir borte som ei følge av dei konservatives nedmontering av fellesskapet og industribyane i nord. Love. Luv. Det var eit ord med kvalitet og innhald, eit ord for noko sikkert og varig, eit ord som skulle vere her for alltid.
Odda, love. Smelteverket stilna, pubane forsvann, om ein går gjennom gatene i dag, ligg dei ofte tomme og melankolske. Arbeidarane går ikkje lenger inn porten i sentrum for å stemple inn og jobbe ræva av seg, eller kanskje bare sitje på ræva. Dei snik seg ikkje ut gjennom hòl i gjerdet for å hive i seg ein halvliter eller to før dei smett tilbake på kveldsskiftet ein laurdag kveld. Det brukte å vere noko her, noko vakkert og forstyrrande på same tid, og det verka viktig, ein visjon om noko som skulle komme, ei glitrande framtid som kanskje ingen heilt trudde fullt og heilt på, men som blei prenta inn i oddingane frå tidlig av. Dette er din by. Dette er di tid. Dette er det du er.