Rolf Groven

Portrett foto av Rolf Groven i svart hvitt.
Foto: Privat

Min ven biletkunstnaren Rolf Groven døydde den 27. mars, 14 dagar etter 82- årsdagen. Dermed er eit liv med satirekunst og humor, med store opp- og nedturar til endes. Vi møttes til klassefoto framfor hovedbygningen på NTH etter Rolf sitt 3. forsøk på opptak til arkitektstudiet. Studiet blei gjennomført, men sjelden har ein så standhaftig opptaksinnsats blitt følgd av ei kortare karriere: etter 3-4 år var det slutt. Trangen til å uttrykke seg som biletkunstnar let seg ikkje stoppe, og etter kvart kom dei folkekjære bileta på rekke og rad: Norsk nyromantikk, Atomgutten, Fri flyt, Oljeferd i Hardanger. Men godkjenninga frå det etablerte kunstmiljøet kom aldri. Knapt nokon har blitt refusert så mange gonger til Haustutstillinga, mens det er få i kunstmiljøet som kan vise til så mange dagsrevyintervju, der eit times portrettintervju toppa det heile. 

Den største skuffelsen var då Nasjonalmuseet for kunst presenterte ei mønstring av norsk politisk kunst etter krigen, utan at Rolf blei funne verdig til å delta. Heilt uforståeleg! Til trøyst bemerka Odd Nerdrum: «Norge burde hatt 80 slike malere som deg, Rolf». Rolf var ein dyktig landskapsmålar, spesielt meistra han lys- og skygge i tøffe fjellandskap. Den største nedturen kom då han mista dottera, Sanna. Han kom aldri over tapet. Livsgnist og humør blei halde oppe med humoristiske bileter: «Dronningen maler kongen». 

Ei hardnakka pasifistisk overbevisning førde til mange diskusjonar som kunne ta uventa vendingar med overraskande konklusjonar og standpunkt. Ikkje alltid like logiske og lette å følgje, men forfriskande, alltid engasjerte og kreative. Det var tankeflukt over vyene til Rolf. Tankane går til familien og Anne Karine. Takk for glade møter og gode diskusjonar, Rolf. Bileta dine vil leve vidare i generasjonar framover.