Arkitekt

Ålesund kommune, Ålesund

Søknadsfrist: 26. mars 2023

Ålesund kommune, Ålesund

Hjemmeside

Søknadsfrist: 26. mars 2023

Er du ein erfaren arkitekt som ønskjer ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver? Då er Ålesund kommune plassen for deg.

I Ålesund kommune er det fleire spennanda byutviklingsprosjekt på gang. Mellom anna er det planar om omlegging av delar av trafikksystemet, bygging av kollektivknutepunkt i sentrum, utbygging langs byens sentrale sørside og fleire andre større og mindre byggeprosjekt i og rundt sentrum. Som arkitekt vil du vere sentral i å sikre arkitektoniske kvaliteter i nye prosjekt.

I stillinga som arkitekt vil du ha som oppgåve å behandle byggesaker, rettleie og gje råd til publikum og kommunens eigne verksemder og avdelingar i arkitekturfaglege spørsmål. Stillinga vil ha spesielt fokus på dei verneverdige bygga og bymiljøet i sentrum og større byggetiltak elles i kommunen.


Arbeidsoppgåver
- Behandle og delta i behandling av større byggesaker i heile kommunen
- Generell rettleiing og opplæring av medarbeidarar i arkitekturfaglege problemstillingar
- Kommunisere både skriftleg og munnleg med brukarar og andre offentleg mynde
- Delta i utviklingsarbeid knytt til rettleiarar / arbeidsmetodikk og organisering av avdelinga sitt arbeid på fagområde
- Stillinga kan også bli tillagt mynde til å avgjere byggesaker etter nærare avtale med avdelingsleiar

Kvalifikasjonar
- Utdanning på masternivå som sivilarkitekt eller tilsvarande
- Relevant arbeidserfaring, det er ønskeleg med erfaring frå både offentleg og privat sektor, gjerne med kulturminne og større byggeprosjekt
- Kjennskap til plan- og bygningsloven
- Forståing for kommunen si rolle som bygningsmynde
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er ein forutsetning

Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Du har forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon og for rolledelinga mellom kommunens bygningsmynde og publikum
- Moglegheitsorientert og kreativ
- Du ser moglegheiter og løysingar, også der ulike interesser gjer seg gjeldande
- Har gode samarbeidsevner, trivst med teamarbeid og samarbeid med andre avdelingar / sektorar
- Vil bidra til gjensidig læring og kompetanseheving

Vi tilbyr
- Fagleg utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver i et tverrfagleg miljø med høg kompetanse
- Fleksibel arbeidstidsordning, basert på normalarbeidstid som og gir rom for et liv utanom arbeidstid
- Moglegheit for delvis heimekontor
- Trivelege kollegaer i eit samansett fagmiljø
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon
Malin Piegsa, Kommunalsjef, 959 98 479, malin.piegsa@alesund.kommune.no
Bjørnar Andersen, Avdelingsleiar byggesak, 902 05 143, bjornar.andersen@alesund.kommune.no

Søknadsfrist: 26.03.2023

SØK PÅ STILLINGEN