Arkitektar – bli med og planlegg morgondagens bygg

Nordplan AS, Bergen

Søknadsfrist: 16. juni 2024

Nordplan AS, Bergen

Hjemmeside

Søknadsfrist: 16. juni 2024

Har du lyst å bli ein del av vårt innovative arkitektgruppe og skape berekraftige løysingar for framtida?

Vi søkjer to erfarne arkitektar med kompetanse innan BIM og brei prosjekterfaring. Som ein del av vårt dedikerte team på ca. 20 arkitektar vil du vere involvert i alt frå småskala boligprosjekt til store offentlege helseutbyggingar. Vår store prosjektportefølje i Bergen krever at ein av stillingane blir lokalisert til vårt kontor i Bergen.

Kva tilbyr vi? 

I Nordplan verdset vi samarbeid og innovasjon, og du vil samarbeide i eit tverrfagleg miljø med arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar. Nordplan ønsker å tilby uformelt og triveleg arbeidsmiljø, arbeidstid som er balansert mellom prosjektmål og privatsituasjon. Om du vil bu i Fjell- eller Fjord-Noreg er opp til deg. Du får konkurransedyktig løn, pensjons- og forsikringsordningar, samt moglegheiter for personleg og fagleg utvikling. Med oss får du utfordrande oppgåver, og vi set pris på medarbeidarar som tek ansvar. Vi jobbar med fleire spennande prosjekt. Du kan lese meir om referanseprosjekta våre her. 

Kven er du? 

Du er ein arkitekt med fleire års erfaring med prosjektarbeid. Vi ser etter ferdigheiter innan BIM-prosjektering og evne til å ha ansvar for oppdrag med høge krav til kompleksitet og kvalitet. Kompetanse og erfaring med prosjektering i Revit er ein fordel. Det er også ein fordel om du har erfaring frå helseprosjekt og komplekse prosjekt.

Vart du nysgjerrig på stillinga og livet i Fjell- eller Fjord-Noreg? Vår HR-ansvarlege Ingvild Kristin Røe (951 50 406) vil kunne gi deg ytterlegare informasjon om Nordplan og stillinga.

Søknadsfrist:  16.06.2024. Oppstart etter avtale. 

Søknad og CV sendast til Ingvild Kristin Røe på e-post ikr@nordplan.no.