Vi søker etter arkitekt med erfaring innen prosjektering og prosjektgjennomføring.
Sporstøl Arkitekter AS, Ålesund / Ulsteinvik
Søknadsfrist: Snarest
Sporstøl Arkitekter AS vart etablert i 1991 og held til på Sunnmøre. Hovudkontoret vårt ligg i Ulsteinvik sentrum, og vi har avdelingskontor i Breivika, Ålesund. Her er vi midt i smørauget både når det gjeld gode bu forhold og eit aktivt liv i storslått natur, men ikkje minst er området også kjent for framoverlente og kreative bedrifter. Våre oppdrag er varierte og spennande, og dei strekk seg også lenger utover geografisk.
Vi er i dag 17 tilsette, både arkitektar og bygningsingeniørar. Vi er medlem i Arkitektbedriftene, sertifisert Miljøfyrtårn og medlemmer av NGBC.
Vi ønsker å utvide teamet vårt med ein;
Vi søker etter arkitekt med erfaring innen prosjektering og prosjektgjennomføring. Vi legg vekt på god fag- og miljøkompetanse, engasjement og samarbeidsevne. Søkjar må være ein dedikert lagspelar som trivast med allsidige oppgåver og har fokus på kvalitet. God dialog med våre byggherrar og samarbeidspartnarar, ei tverrfagleg tilnærming og profesjonell haldning er nokre av dei kvalitetane vi ser etter.
Kvalifikasjonar/kompetansekrav
- - Utdanna arkitekt med Master.
- - Ønskeleg med prosjekteringserfaring og prosjektgjennomføring innan faget.
- - Bør kunne beherske Revit og andre visuelle virkemidler.
- - God kunnskap om Plan -og Bygningslova
- - Gode norskkunnskapar, gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
- - Er kunnskapsorientert, fagleg nysgjerrig og kvalitetsbevisst
- - Likar å ta ansvar, og vere delaktig i utvikling av bedrifta
- - Referanseperson oppgis
Vi tilbyr
- - 100% stilling, lønn etter avtale, pensjons- og forsikringsordningar.
- - Gode vilkår for idé- og eigenutvikling i eit entusiastisk og tverrfagleg miljø.
- - Arbeidsstad Ålesund eller Ulsteinvik.
Kontakt
Skriftleg søknad med CV og attestar sendast til:
Fagleder arkitektur Ingvill Arhaug Bovill - mail adr.: ingvill@sporstol.no