Landskapsarkitekt

Sporstøl Arkitekter AS, Ulsteinvik/Ålesund

Søknadsfrist: Snarest

Sporstøl Arkitekter AS, Ulsteinvik/Ålesund

Hjemmeside

Søknadsfrist: Snarest

Sporstøl Arkitekter AS vart etablert i 1991 og held til på Sunnmøre. Hovudkontoret vårt ligg i Ulsteinvik sentrum, og vi har avdelingskontor i Breivika, Ålesund. Her er vi midt i smørauget både når det gjeld gode bu forhold og eit aktivt liv i storslått natur, men ikkje minst er mrådet også kjent for framoverlendte og kreative bedrifter. Våre oppdrag er varierte og spennande, og dei strekk seg også lenger utover geografisk.

Vi er i dag 17 tilsette, både arkitektar og bygningsingeniørar. Vi er medlem i Arkitektbedriftene, sertifisert Miljøfyrtårn og medlemmer av NGBC.

Vi ønsker å utvide teamet vårt med ein;

Landskapsarkitekt

Vi søkjer etter landskapsarkitekt med erfaring innen prosjektering og prosjektgjennomføring. Vi legg vekt på god fag- og miljøkompetanse, engasjement og samarbeidsevne. Søkjar må være ein dedikert lagspelar som trivast med allsidige oppgåver og har fokus på kvalitet. God dialog med våre byggherrar og samarbeidspartnarar, ei tverrfagleg tilnærming og profesjonell haldning er nokre av dei kvalitetane vi ser etter.

Kvalifikasjonar/kompetansekrav
• Utdanna landskapsarkitekt med Master.
• Ønskelig med prosjekteringserfaring og prosjektgjennomføring innen faget landskapsarkitektur
• Bør kunne beherske Revit, Civil 3d, Focus arealplan, Infraworks ol
• God kunnskap om Plan -og Bygningslova
• Gode norskkunnskapar, gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
• Referanseperson oppgis

Vi tilbyr
100% stilling, lønn etter avtale, pensjons- og forsikringsordningar.
Gode vilkår for idé- og eigenutvikling i eit entusiastisk og tverrfagleg miljø.
For stillinga er det ønske om snarlig tiltredelse.

Kontakt
Skriftleg søknad med CV og attestar sendast til:
Fagleder arkitektur Ingvill Arhaug Bovill - mail adr.: ingvill@sporstol.no
Tlf: +47 938 44 248

www.sporstol.no