Plankonsulent/Arealplanleggjar

Sporstøl Arkitekter AS, Ulsteinvik/Ålesund

Søknadsfrist: Snarest

Sporstøl Arkitekter AS, Ulsteinvik/Ålesund

Hjemmeside

Søknadsfrist: Snarest

Sporstøl Arkitekter AS vart etablert i 1991 og held til på Sunnmøre. Hovudkontoret vårt ligg i Ulsteinvik sentrum, og vi har avdelingskontor i Breivika, Ålesund. Her er vi midt i smørauget både når det gjeld gode bu forhold og eit aktivt liv i storslått natur, men ikkje minst er området også kjent for framoverlente og kreative bedrifter. Våre oppdrag er varierte og spennande, og dei strekk seg også lenger utover geografisk.
Vi er i dag 17 tilsette, både arkitektar og bygningsingeniørar. Vi er medlem i Arkitektbedriftene, sertifisert Miljøfyrtårn og medlem av NGBC.

Grunna aukande oppdragsmengd søker vi etter ein:

Plankonsulent/Arealplanleggjar

Vi søkjer plankonsulent/arealplanleggjar med erfaring innan arealplanlegging og gjennomføring av planprosessar og reguleringsplanar. Vi legg vekt på god fag- og miljøkompetanse, engasjement og samarbeidsevne. Søkjar må være ein dedikert lagspelar som trivast med allsidige oppgåver og har fokus på kvalitet. God dialog med våre byggherrar og samarbeidspartnarar, ei tverrfagleg tilnærming og profesjonell haldning er nokre av dei kvalitetane vi ser etter.

Kvalifikasjonar/kompetansekrav
• Utdanna plankonsulent/arealplanleggjar med Master
• God erfaring innan arealplanlegging og gjennomføring av planprosessar
• Erfaring innan fysisk berekraftig arealplanlegging av by og stadutvikling
• Erfaring innan vegprosjektering og trafikkanalysar
• God kunnskap om Plan- og Bygningslova
• Bør kunne beherske GIS verktøy, Civil 3d, Focus arealplan og CAT, Infraworks o.l.
• Gode norskkunnskapar, gode visuelle, skriftlege og munnlege kommunikasjons- og framstillingsevne
• Referanseperson oppgis

Vi tilbyr
100% stilling, lønn etter avtale.
Gode pensjons- og forsikringsordninga.
Gode vilkår for idé- og eigenutvikling i eit entusiastisk og tverrfagleg miljø.
Arbeidsstad Ulsteinvik eller Ålesund.

Kontakt
Skriftleg søknad med CV og attestar sendast til:
Fagleder plan: Bjørnar Sporstøl bjornar@sporstol.no
Tlf: +47 918 68 794

www.sporstol.no