Meninger / Debatt
Store blå bær fra dalen, Petter!
Av Even Bakken
Eit høghus på Nesoddtangen Brygge er positivt med tanke på knutepunktsfortetting, for utnytting av restkapasitet på fergesambandet, og sidan nesten alt av slagskugge kun treff fjorden – ikkje negativt for naboar, skriv Alternative Arkitekter.
Eit høghus på Nesoddtangen Brygge er positivt med tanke på knutepunktsfortetting, for utnytting av restkapasitet på fergesambandet, og sidan nesten alt av slagskugge kun treff fjorden – ikkje negativt for naboar, skriv Alternative Arkitekter.
Høghus på Nesoddtangen i vinterlandskap.
Illustrasjon: Alternative Arkitekter/Google GeminiFredag forrige veke slapp vi konseptskissa om eit høghus på Nesoddtangen i eit oppslag i Aftenposten. Reaksjonane var som forventa, vel tre hundre kommentarer der 90% var negative. I dette innlegget vil vi skrive litt om kvifor vi meiner dette prosjektet er ein god ide.
Vi hadde lenge visst at det er mykje folk som reiser med Nesoddbåten inn til byen for å dra på jobb, men vi blei overraska over kor mange. Vel 2,8 millioner reisande kvart år gjer Nesodden – Oslo til landets mest trafikerte personfergesamband.
Straumen går naturleg nok frå Nesoddtangen Brygge om morgonen med retur på ettermiddagen. Kapasiteten motsett veg er underutnytta. Dersom ein tar utgangspunkt i Rådhusplassen i Oslo så er det kortare reisetid til eit kontorbygg på Nesoddtangen enn til eit høghus på Økern.
Trivelegare reiseveg er det og med sveler og kaffi, noko T-bana foreløpig ikkje kan konkurrere med.
Fortetting rundt eit kollektivknutepunkt har lenge vore mantraet i byutviklingsdebatten. Utfordringa er at den største fortettinga skjer i Oslo indre aust ved det viktigaste kollektivknutepunktet i Norge, Oslo S. Dette området toppar alle statistikkar når det gjeld levekårsutfordringer. Sidan nittitallet har området vore under eit konstant områdeløft, men det er høgda på næringsbygga i området som er løfta mest. Og meir skal det bli!
Nesoddtangen Brygge er i høgste grad eit knutepunkt, men uten densiteten av korkje bygg eller naboar der den ligg i friluft og natur ute på odden som definerer indre Oslofjord. Den uutnytta kvaliteten ved Nesoddtangen Brygge er ikkje berre at det er kortare reisetid til eit kontorbygg på Nesoddtangen enn til eit høghus i indre Oslo aust, men at passasjerstraumen er nokonlunde lineær, med buss langs Nesoddlandet og straka vegen inn til byen med båten.
Uansett er det god kollektivdekning i begge retningar og gode føresetnander for byutvikling. Nesoddtangen Brygge er særs lite utvikla i dag, med terminalbygget og Signalen som einaste bygg, med unntak av eit par einebustader aust for bussoppstillinga.
– Vi i Alternative Arkitekter vil gjerne oppfordre andre arkitektar til å ta maskinparken eller pennen fast og vise fram fleire alternative forslag, skriv Gunnar Aasen Rogne, Bjarne Asp og Sondre Sommerfelt.
Illustrasjon: Alternative Arkitekter/Google GeminiDet har vore fleire linkande eksempel på rurale høghus i Norge dei siste åra, med Mjøstårnet som det mest kjende. Mjøstårnet har truleg skapt positive ringverknader i regionen til tross for at det er plassert så langt frå eit knutepunkt det er mogleg å komme, på ein parkeringsplass ved Mjøsa. Men om Mjøstårnet klarer å rekne det heim vil vi tru at rekneskapen for Nesoddtangen Brygge ser endå lysare ut.
For å oppsummere så er eit høghus på Nesoddtangen Brygge positivt med tanke på knutepunktsfortetting, for utnytting av restkapasitet på fergesambandet, og sidan nesten alt av slagskugge kun treff fjorden – ikkje negativt for naboar.
Arkitektaktivisme i KI-generert form gir ein heilt eigen punch i ordskiftet og vi i Alternative Arkitekter vil gjerne oppfordre andre arkitektar til å ta maskinparken eller pennen fast og vise fram fleire alternative forslag.
Meninger / Debatt
Av Even Bakken
Meninger / Debatt
Av Lars Gulden
Meninger / Debatt
Av Jostein Bjørndal
Meninger / Debatt
Av Ørjan Tynkkynen
Meninger / Debatt
Av Frederik Nygård Stokvik
Meninger / Debatt
Av Sigrid Z. Heiberg