Meninger / Debatt
Har Oslos befolkning høydeskrekk?
Av Tamina Sheriffdeen Rauf
Vi står ovanfor ei rekke samfunnsendringar som bidreg til fortsatt nedbygging av natur - folkeauke, sentralisering, fortetting og det grøne skiftet. Ulike utbyggingsprosjekt tek litt natur om gongen, men til saman står vi igjen med store tap av grøne areal. Verstingen – vegen – slepp altfor lett unna diskusjonen.
Før drog vi til Sverige for å observere vegar som skjer gjennom fjell, direkte ut i bru og deretter inn i tunnel att. No får Noreg fleire og fleire slike tilfelle. Dessverre ser vi i aukande grad at den nye vegen ikkje viser naudsynt forståing og respekt for landskapet. For å halde distansen kort og svingane rause, landar ein på at tunnel, fylling og fjellskjering er rett for denne vegen.
For den utanforståande verker historia til å vere den same gong etter gong; akkurat i dette tilfellet måtte omsynet til landskap og natur vike til fordel for den samfunnsnyttige verdien knytt til tryggleik og reisetid.
Og køyrer ein til hytta på den nye vegen ein junidag, kan ein fundere over kvifor det er færre insekt som treffer frontruta på bilen enn det var berre for få år sidan.
Ved å planlegge på denne nye måten, er ikkje vegen lengre nøkternt eller skånsamt plassert. Veg og landskap snakkar ikkje saman, og ein opplever ikkje på same måte at ein reiser gjennom landskapet. I staden reiser ein forbi det.
Slik har det ikkje alltid vore, tvert imot så er dette nytt. Og endringa har skjedd gradvis, utan landskapsfagleg debatt om den nye hovudrolla vegen har fått i landskapet.
Det er forskjell på liv og lære. Statens vegvesen gjev føringar for plassering av vegen gjennom landskapet. Her skal randsona nyttast, i staden for å legge vegen strakt over innmark. Vegen skal smyge seg i overgangen mellom bratt og flatt terreng, kryssing av vatn bør skje på det smalaste punktet. Slik skal vegen ligge nøkternt og skånsamt og underordne seg landskapet. Dette er gode prinsipp som vi må vere sikre på at vi håndhev i alle samferdselsprosjekt.
I staden ofrar vi natur for at folk skal kome seg raskast mogleg til hytta på rake vegar.
I samferdselsprosjekt, heilt frå val av trasé og ned til detaljprosjektering, er det mange faktorar å ta omsyn til – ikkje minst blant desse er tryggleik og reisetid. For dei mange tusen som har arbeidsplassen sin på vegen utgjer dei bratte fjellsidene på vestlandet jamleg ein risiko for liv og helse. For utrykkingskøyretøy er det viktig å kunne nå langt på kort tid.
Særleg i distriktet, med lange avstandar mellom A og B og heilt ned til Å, får vegen diktere mykje av kvardagslandskapet. Å bygge veg er å bygge landskap, det slår Statens vegvesen fast i sin eigen vegleiar. Så kva for landskap er det vi bygger?
Oppgradering av eldre vegar til ny fartsgrense resulterer i tapte karbonlagre i naturen, delte økosystem, auka grått areal og tap av habitat. Nye hyttefelt aukar privatbilismen til utkantstrøk, og bidreg til sprengte fjell og grasgrøne sideareal som markerte framandelement. Vegen sitt tverrsnitt som får ese ut over innmark fører til redusert sjølvforsyningsgrad.
Bilens framferd heilagar alle midlar, synest det. Så gløymer vi at vegar og eksos ikkje åleine gjer livet godt, men at naturen derimot gjev oss grøne uterom som aukar livskvalitet og kjensla av lukke.
Naturen kan sikre oss mot overvatn og flaum og gjev husly for ei rekke artar som vi er avhengige av. Han sørger til og med for ein heil haug med artar som vi ikkje er avhengige av. Det som blesten rundt NRK sin nylege artikkel viser, er at det eit stort ynskje blant folk om å ta vare på naturen. Faktisk er det få tema som engasjerer i så breie sosiale lag som at vårt felles gode blir stole rett under nasa på oss.
«For å kjempe for det mjuke, grønne og vakre, må en være veldig sterk, ellers vinner alt det kjipe, særlig asfalt og bil», seier landskapsarkitekt Rainer Stange om gate- og byromsprosjekt. Dette gjeld like mykje i samferdselsprosjekt, som i lang tid har stått for den mest omfattande nedbygginga av grøne areal og mjuke verdiar her til lands.
Dersom naturen og landskapet skal legge premiss for den nye vegen, er landskapsarkitekten nøydt til å vere ein premissgjevande aktør i samferdselsplanlegginga. Det tverrfaglege blikket og grøne fokuset vårt må kome tydeleg fram heilt frå starten av prosjektet, om vi skal ha håp om å bremse naturkrisa som vi står i.
Sjølv om fleire fag har ansvar for å minimere nedbygging av natur, så kjem landskapsarkitekten på bana med eit heilt eige mandat på denne fronten. Vi må vere ei tydeleg stemme for naturen sin plass i prosjektet og for vegen sin plass i landskapet, og vite at ingen andre fag kjenner dette ansvaret så tungt som vi.
Den nye samferdselsplanlegginga kan peike på manglande terrengforståing og manglande respekt for kva fotavtrykket vårt gjer for komande generasjonar. Dette peiker igjen på at landskapsarkitekten ikkje blir høyrt. Det må vi gjere om på no.
Runa Gjerland er landskapsarkitekt og leder av NLA avdeling Hordaland.
Meninger / Debatt
Av Tamina Sheriffdeen Rauf
Meninger / Debatt
Av Sverre Landmark
Meninger / Debatt
Av Jorunn Tharaldsen
Meninger / Debatt
Av Gamlebyen Beboerforening
Meninger / Debatt
Av Øystein Grønning og Gerrit Mosebach
Meninger / Debatt
Av Max Gitenstein