Meninger / Debatt
En disseksjon av høyesterettsbygningen i Warszawa
Av Julian Tepfers
Denne sommaren var Noreg vakrare enn på fleire år, og eg halde på med noko som er nytt for meg – og kanskje nytt for mange andre – nemleg restaurering av ei myr, skriv Runa Gjerland som er landskapsarkitekt, sit i styret til Norske landskapsarkitekters foreining og er gruppeleiar for landskapsarkitektane ved Norconsult sitt kontor i Bergen.
Foto: Runa GjerlandNoreg er vakrast om sommaren, og denne sommaren var Noreg vakrare enn på fleire år. Med blå himmel, steikande sol, grøn mose under fjellskorne og ein tanke om pågåande klimaendringar, har eg brukt mykje av sommartimane i ei utmark utanfor ei bygd som står hjartet mitt nær, og halde på med noko som er nytt for meg – og kanskje nytt for mange andre – nemleg restaurering av ei myr.
Prosjektet starta i fjor, etter at det hadde lege og ulma i bakhovudet i nokre år. Myra og den store drensgrøfta som vart graven gjennom ho, var godt kjende for meg, også i studietida då eg tok nokre studiepoeng innan naturrestaurering, og også for søstera mi som nokre år seinare kjøpte garden som myra høyrer til.
Garden ligg på Gjerland, der familien vår kjem frå. Det renn ein bekk gjennom grøfta som vart graven, og svakt hellande terreng har gitt denne fart og tenner til å rive med seg bit for bit av torvjorda, til det til slutt har blitt eit ganske stygt og stort sår.
Eg har òg visst at slike øydelagde myrer slepp ut klimagassar, og tenkte at det sikkert vart sloppe ut litt klimagassar frå denne myra òg, og at ho burde reparerast på eit eller anna tidspunkt sidan det ikkje såg ut til at ho klarte å reparere seg sjølv.
Så fekk eg vite at utslepp frå øydelagde, norske myrer årleg står for rundt 10 % av klimagassutsleppa i Noreg – og at utslepp frå alle flyreiser i landet til samanlikning utgjer rundt 5 %. Kjeven datt i bakken, og tankane gjekk straks til myra eg kjende så godt. Eg som prøver å unngå å fly om det ikkje er naudsynt. Og så har eg denne klimaverstingen liggjande i «min» bakhage?
I mellomtida hadde den eroderande bekken grave laus massar og utvida grøftesnittet til det dobbelte. Ein sommar kunne eg gå ned i grøfta og knapt sjå toppen av terrenget ved sidan av. Det vart berre verre og verre, større og større, og det var tydeleg at dette ikkje var noko naturen klarte å reparere sjølv – eg måtte gripe inn.
Dette gjekk ikkje lenger. Det var på tide å rydde opp i familieheimen. Eg byrja å sjå etter måtar vi kunne få i gang eit restaureringsprosjekt.
Det vart berre verre og verre, større og større, og det var tydeleg at dette ikkje var noko naturen klarte å reparere sjølv – eg måtte gripe inn.
Foto: Runa GjerlandNokon må ha lese tankane mine. Kort tid etter lanserte Miljødirektoratet ei ny støtteordning for naturrestaurering som òg privatpersonar kunne søke på, og startskotet gjekk. Søknad vart sendt inn og midlar vart delte ut, og dermed kunne oppryddinga starte.
Utan desse midlane kunne prosjektet aldri ha kome i gang, og at det er politisk vilje til å satse på noko så nytt og ukjent (i Noreg) som restaurering av natur, har vore alfa og omega. Vi fekk hjelp av dyktige naturforvaltarar i Norconsult til å lage ein slagplan for restaureringa, og i år kom endeleg tida for å setje planen ut i livet.
Det blir demningar og attfyllingar, og det blir mose, tømmer og torvjord. Å ikkje innføre materiale utanfrå har vore eit viktig poeng for naturforvaltarane, og det har kravd god kartlegging av kva som finst på staden. Kva som vil gi minst mogleg fotavtrykk frå maskinene i anleggsarbeidet har òg vore avgjerande. Entreprenøren må utføre ein slags ballett med gravemaskin og traktor for å unngå å køyre ned torva.
Skal det vere torvmose her, eller skulle det vore bjørnemose, spør Gjerland.
Foto: Runa GjerlandOppi det heile sit eg som prosjektleiar og held i trådane. Og medan eg les rapportar og ringer entreprenørar, har eg reflektert over kva som er rolla til landskapsarkitekten i dette. Landskapsarkitekten er jo meg – men kva tilfører yrket mitt til prosjektet?
Det er klart at ein landskapsarkitekt er ein formgjevar av terrenget, og sentralt i restaureringa har dette med terrengforming stått. Men når det har kome til planlegging utover terrengforming, har eg stått på utrygg grunn.
Ein arkitekt si hovudoppgåve er å «planleggje fysiske omgjevnader med mål om å ta vare på menneske sine praktiske og åndelege behov». Dette gjer vi ikkje i eit reindyrka restaureringsprosjekt som dette, for her planlegg vi ikkje for mennesket. I staden legg vi til rette for molte, torvmose, or, blokkebær, sau og hare. Det er planlegging for natur og natur og natur.
Vanlegvis treng ikkje naturen å bli planlagd for på denne måten. Vi bur i eit grøderikt land, og naturen trengjer seg raskt inn i sprekkar og hjørne om ein ikkje utfører sisyfosarbeidet med tilstrekkeleg vedlikehald og skjøtsel. Når eit restaureringsprosjekt skal planleggje for natur, meiner eg prosjektet skal legge til rette for at naturen på kortast mogleg tid skal ta over. Om få år skal det – forhåpentlegvis – sjå ut som det aldri har vore ei grøft i myra i det heile.
Entreprenøren må utføre ein slags ballett med gravemaskin og traktor for å unngå å køyre ned torva.
Foto: Runa GjerlandEg har ikkje evna til å lage ein planteplan som er så kompleks i samansetjing og utforming som det eg ser når eg går i fjellet. Plantar som veks mellom og inni og oppå kvarandre. Utan at eg trur eg trakkar nokon på tærne, så kjenner eg ikkje til andre landskapsarkitektar som kan lage ein så kompleks plan heller.
For å få til noko slikt må naturen gjere jobben for meg. Det smartaste eg gjer, er dermed å etterlikne naturen i utforminga så godt eg kan, og håpe at han raskt tek over og held fram utformingsarbeidet.
Restaureringsarbeidet handlar dermed ikkje berre om at vi planlegg for naturen, men òg med naturen. Eg må setje meg tilbake på skulebenken i lyngen og sjå på designgrepa som naturen sjølv gjer.
Det skal bli tette kratt og djupe bekkar. Ein sti og ei bru så det blir lettare for fjellvandrarar å krysse? Nei! Det går på kostnad av habitatet til spissmus og lemen, og punktbelastninga er framand for denne myra. Planting av fleire tre som kan suge til seg vatnet, så myra ikkje blir så våt å gå i? Nei! Alle spesialistplantane som fanst i den blaute torva tidlegare, må finne tilbake.
Eg har brukt tid på å flytte furustiklingar frå omkringliggjande skog ut til bekkekanten, medan gravemaskina dekkjer eksponert myrjord med tunge torvmatter. Blir dette godt nok for naturen?
Ville naturen sett desse stiklingane så tett? Skal vi fylle i med morenemassar eller torvjord? Skal det vere torvmose her, eller skulle det vore bjørnemose?
Eg kjenner meg som eit mummitroll som pyntar til jul.
Planane, teikningane og snitta mine vil berre vere eit forslag for vatnet, som vil detaljstyre utviklinga vidare sjølv.
Foto: Runa GjerlandSamtidig som detaljane blir fylte inn, må eg ha blikket på dei store grepa. Bekken i grøfta kan ikkje renne i same lei lenger. Korleis kan vi finne eit nytt løp for bekken – utan å grave i den urørte myra? Der det trengst, må vi lage eit nytt bekkeløp, utan å innføre nye massar eller framande element, og utan at erosjon startar på nytt.
Og så må vi følgje med i åra framover medan det vanskelege skjer, nemleg at bekken vil finne seg til rette i nytt løp. Han vil grave ut litt her, og gro att litt der, og få eit slyngande løp slik han hadde før. Planane, teikningane og snitta mine vil berre vere eit forslag for vatnet, som vil detaljstyre utviklinga vidare sjølv.
Forhåpentlegvis, og truleg, vil prosjektet ikkje gjere situasjonen i myra verre. Tvert imot. Naturen vil stikke fingrane sine i det nye terrenget og gro att det siste såret. Jo betre arbeid vi gjer no, jo kortare tid vil det ta. Og har vi gjort noko feil, vil bekken og mosen, blokkebæra og musene flytte rundt på tinga til det fungerer optimalt igjen, medan vi står på sidelinja og følgjer med.
Med blikk på det overordna og samtidig på detaljane, og med god kunnskap om plantar og økologi, er det sikkert at landskapsarkitekten har dei beste føresetnadene for å leie prosjekt som dette. Det som òg er sikkert, er at vi må lære ein ting eller to frå naturen først om vi skal gjere godt arbeid. For dette arbeidet gjer vi ikkje for oss sjølv, men for eit myriader av andre artar som vi knapt klarar å kommunisere med.
Tilbake på skulebenken går eg!
Meninger / Debatt
Av Julian Tepfers
Meninger / Debatt
Av Nora Ulrikke Andersen
Meninger / Debatt
Av Andreas Fadum Haugstad
Meninger / Debatt
Av Sverre Aaker Sondresen
Meninger / Debatt
Av Abraham Lerkerød
Meninger / Debatt
Av Birgitte Hellstrøm, Tina Larsen, Steinar Skjerdingstad, Silje Andrea Sæverud og Jeremy Williams