Meninger / Debatt
Make Notodden Great Again?
Av James Dodson
I 2017 planla Oslo kommune for framtidige, og på det tidspunktet ukjente innbyggarar. Ortofoto frå det året viser dette, skriv Bård Magnus Fauske, eigar i Badr; byplanleggjar; landskapsarkitekt MNLA og student i rettsvitskap, UiO.
Både Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett held kommunen ansvarleg, for uaktsam framferd i utforminga av anlegget ved Akerselva, etter den såkalla «Stupeulykka» i Bjørvika sist i mai 2021. Saka skal no handsamast i Høgsterett. Det blir spennande om landets øvste domstol, fangar opp mitt faglege syn: kommunen skulle endra reguleringsplanen, i staden for å gi seg sjølv dispensasjon. For det har ingen av underrettane drøfta.
Synet byggjer på to emne. Den første søknaden i mars 2015, blei berre varsla til Hav eigedom AS, Statsbygg og Den norske opera og ballett1. I 2017 kravde Plan- og bygningsetaten ikkje nytt nabovarsel, fordi søknaden blei sett på som ein revisjon2.
Men i 2017 budde det knapt nokon i Bjørvika. Difor kunne ingen naboar gi merknader i saka, eller endå mindre klage om dei fann feil som var avgjerande for innhaldet i vedtaket. Det auka kravet til aktsemd frå kommunen både som planmynde og utbyggjar. Dei planla for framtidige, og på det tidspunktet ukjente innbyggarar. Ortofoto frå 2017 viser dette.
Vidare var reguleringsplanen for Munchmuseet (S-4807) vedtatt den 12. november 2014 etter ny plan- og bygningslov frå 2010, medan den første reguleringsplanen som gjaldt utbygging av Bjørvika (S-4099) kom i kraft den 15. juni 2004 og var fastsett etter plan- og bygningslova frå 1985.
Eit viktig skilje som følgde lovendringa, var den nye kart- og planforskrifta. Den gir reglar for utarbeiding av reguleringsplanar i ulike vertikalnivå. Då kommunen gav seg sjølv dispensasjon, vurderte planmyndet ikkje om dei trengte å utarbeide eit oppdatert plankart for tiltak «på botnen» av Akerselva. Viss den hadde gjort det, ville spørsmålet om skadeevna fjernvarmerøyra på botnen av elva hadde, blitt ein del av avgjerda kommunen tok. Då kunne kommunen i vedtaket om å gi dispensasjon, stilt vilkår om anten å flytte røyra, setje opp rekkverk eller gjere andre tryggingstiltak som å detaljere og senke bryggekanten med sikte på opphald og bading.
Alternativt kunne ein oppdatert reguleringsplan, slått fast føresegner om det same. Hadde plankravet vore etterlevd, ville det også utløyst krav til oppdatert risiko- og sårbaranalyse. På same måte kunne det gjort synleg kva skade tiltaka på botnen kunne medføre, no som Fjordbyen med si nyvunne prakt, inviterer all slags folk dit for å bu, jobbe, promenere eller bade.
Vedtaket inneheldt difor ein sakshandsamingsfeil, som stuparen ikkje kan lastast for. Skadeevna til røyra på botnen av elva, kunne ramma oss alle, same korleis vi hadde hoppa uti.
Sjølv deltok eg som tilhøyrar på lagmannsretten si synfaring i mai 2024. Den dagen var det nærast uråd å sjå røyra som låg på botnen av elva. Men kommunen visste naturlegvis at dei låg der, og tok ikkje omsyn til det i si avgjerd om å endre utforminga på bryggekanten.
Nokre reagerer kanskje på at erstatningssaker som denne botnar i etterpåklokskap. Men det vil dei alltid gjere, sidan avgjerda skal reparere skade som kunne vore unngått. Slik som i dette tilfellet.
1) Sak 201504226 doknr. 1 søknad der vedlegg nr. 10 og 11 er kvitteringar for nabovarsel den 26. januar 2015
2) Sak 201504226 doknr. 34 rammeløyve, vedtak om dispensasjon den 4. september 2017
Om skribenten:
Ei røynsle med brot på krav til personvern, og ulovleg handsaming av sladda opplysningar då skribenten arbeidde i Bergen kommune, har utløyst ei sterk interesse for juss. No studerer han lova ved Universitetet i Oslo, ved sidan av å drive eigen praksis som landskapsarkitekt og byplanleggjar i Badr AS. Der ligg lovkommentarane alltid oppslått i nettlesaren.
Saka om stupeulykka i Bjørvika vil få betydning for utforming av kaifrontar. Difor følgjer han med på saka. Skribenten har vore i kontakt med begge partane.
Forfattaren var styremedlem og visepresident i Norske landskapsarkitektars foreining 2007/9-2012
Meninger / Debatt
Av James Dodson
Meninger / Debatt
Av Ørjan Tynkkynen
Meninger / Debatt
Av Kornel L. Wojciechowski
Meninger / Debatt
Av Inger Beverfjord
Meninger / Debatt
Av Siri Moseng, Jan Olav Jensen, Beate Hølmebakk, Per Tamsen, Tanja Lie, Carl-Viggo Hølmebakk
Meninger / Debatt
Av Tom Juul-Gam