05. mai 2026
Arkitektur
Korleis bidreg arkitektar til betre helsetenester?

Doga inviterer til seminar om ulike måtar arkitekter kan løyse utfordringar innan helse og omsorg.

Oversiktsfoto av Furuset hageby.

Furuset hageby er eit av forbildeprosjekta som vises under seminaret.

Foto: Adam Mørk

Kommunar over heile landet står i same situasjon: Fleire eldre, mangel på helse- og barnehagepersonell, digitale system som ikkje snakkar samen, høgt sjukefråvær og stadig strammare budsjett. Utfordringane er komplekse og omstillingsprosessane like eins.

På Dogas seminar Slik får kommunene bedre helsetjenster – og bedre økonomi tysdag 12. mai, møter du dei tre forbildeprosjekta Furuset HagebyAidn og Matspagat – alle mottakarar av Doga-merket – som viser at det finns nye måtar å gjere ting på. Ein sjukeheim, eit digitalt journalsystem og ein barnehage som organiserer kvardagen litt annleis, går nemleg alle i bresjen for endring.

Prosjekta har bidratt til lågare sjukefråvær, lågare medisinbruk, lågare driftskostnadar, betre arbeidsforhold for tilsette, meir tid til barnehagebarn og pasientar, mindre matsvinn og nye moglegheiter for integrering og arbeidstrening .

På seminaret får du vite meir om korleis folka bak prosjekta har arbeidd og kva metodar dei har brukt. Du får òg innsikt i kva som fungerer i praksis, og korleis du kan bestille og utvikle løysingar som faktisk forbetrar både tenestene og kommuneøkonomien.

Arrangementet er gratis og strøymast. Du kan òg delta fysisk hos Doga i Nedre Vollgate 4 i Oslo.

Les meir og meld deg på her. 

Av Redaksjonen