Det meisterlege arbeidet på Sundt blir ein ufrivillig kontrast til vår tids verdiprioriteringar, der vi er meir enn viljuge til å betale for å ta vare på fortida, mens vi byggjer notida på billegaste anbod.
Utgangspunktet var eit enklare oppussingsarbeid i ein av toppetasjane på Sundt Varemagasin. Eit tilfeldig gløtt under golvbelegget avslørte at sjølve betongdekket hadde byrja å smuldre opp. Det viste seg å vere omfattande korrosjonsskadar i etasjeskilja, slik at det stadvis stod att snautt halvparten av armeringa. Det seier seg sjølv at slikt går på tryggleiken laus.
Vi skriv 2020. I løpet av sine 82 leveår har Sundt vore utsett for mang ein runde med utbetringar. I mangel på ein heilskapstanke får ein inntrykk av at desse tiltaka har dekt til meir enn dei har avslørt. Og arven: ein oppstykka og samansett bygningshistorikk der punktvise tiltak har ført til nye reparasjonar med tette intervall. Heile bygningskroppen måtte no kartleggjast – skadeomfang, årsakssamanheng og reparasjonsmetodar.
- DNB Næringseiendom
- 6870 kvm.
- 2025
- B+B Arkitekter v/ Bjarte Baade Sandal, MA Arkitektur; Ketil Rage, Mas ter i arkitektur (innleid via Asplan Viak)
- Kristian Holo, landskapsark. MNLA (via Boasson AS ved Mattak AS); Sigurd Boasson – Mattak AS
- RIB: Konstruksjonsteknikk AS; RIBr: AStab AS; RIBfy: Rambøll AS; RIE: TRB AS og KCO AS; RIV: TRB AS; BREEAM AP: KARK Arkitekt
- «Familien Kvistad» ved Astrid Bakke Kvistad og Ziemowit Kvistad
- Anne-Karin Ebne, interiørark. MA; Torfinn Truchs Erga, arkitekt MNAL; Nora Brudevold, interiørark. MA; Camilla Aasgaard, sivilark MNAL; Tia-Celin Mjellem Bernhardsen, student
Ei varsla krise
I Torgallmenningens sørvestre hjørne er Sundt ein iaugefallande karakter. For dei som ikkje har vore vest i landet, er det eit nyklassisistisk byrom der handelsbygg legg seg i kant rundt ein brei allmenning. Først ute blant moderne forretningsbygg på fredingslista til Riksantikvaren, er Sundt rekna blant hovudverka vi står att med utført i funksjonalistisk ånd.
Det var arkitekten Per Grieg som teikna landemerket. Då det vart reist, midt på 1930-talet, var det praksis å nytte magnesittpuss til avretting av golva. I ettertid har ein erfart at denne pussen reagerer kjemisk med betongen dersom fukt kjem til. I ein by med Bergens vêrlag kan ein sjå føre seg dette som ei varsla krise.
Løysinga vart eit massivt inngrep i sjølve konstruksjonen. Samtlege etasjeskilje vart saga ut og erstatta med bobledekke. I tillegg vart brystninga under dei horisontale vindaugsbanda skoren vekk og bygd opp på ny. Grepet er like brutalt som det er usynleg. Dei opphavlege betongsøylene har fått stå nærast uendra, medan betongdragarane har vorte møysamleg meisla ned, bundne med ny armering og støypte på ny – alt innanfor proporsjonane frå 1938.
Kontorlokala byr på rause areal og ei fornuftig soneinndeling, der blokkfargar inspirerte av funksjonalismen gjev romma karakter.
Skjult frå bygolvet
Sundt reiser seg seks etasjar over bakken og éin etasje under. Der det tidlegare låg ei skråna takflate, er det no gjort plant og anlagt ein takterrasse. På grunn av fredingsvernet har fylkeskommunen gått i saumane på kvar ei endring av byggets eksteriør og interiør, som går ut over det vanlege vedlikehaldet. For å få gjennomslag for ei slik endring, låg det føre eit krav: Ikkje eitt einaste hovud skulle vere synleg nede frå Torgallmenningen.
Arkitektane har løyst dette gjennom subtil manipulering av volumet. Ved å leggje til nokre centimeter på parapetet og etablere ei randsone med plantekassar, hindrar dei folk i å kome nær nok kanten til å bli sett nedanfrå. Slik vert dei opphavlege visuelle premissane bevarte. Elles rommar taket ein mathage som vert driven av restauranten i etasjen under, grøne gesimsar og ulike opphaldssoner forbehaldne leigetakarane og restaurantbesøkjande. Sjølve Sundt-symbolet, handelsguden Merkur, vart teken ned, rehabilitert og har no vendt tilbake til sin vande plass på den høge søyla.
Det kjenst som om takterrassen eksisterer på kompromissa si nåde. Dei høge brystningane som skal hindre innsyn frå gata og omliggjande bygg, stenger òg effektivt for utsynet. At skjerminga lukkar seg mot nordvest, gjer at takterrassen i praksis vender seg inn mot bakgarden, noko eg opplever som litt av eit antiklimaks. Her oppe verkar dessutan materialval og detaljering noko meir lemfeldig utført enn i det elles så presise rehabiliteringsarbeidet.
Fasaden opnar seg mot Torgallmenningen og dreg både bylivet og dagslyset inn i handelsareala i dei nedre etasjane.
Saumar og tildekte hol
Inne i bygget er trappeløp og heissjakt vidareførte oppover for å sikre tilkomst til taket. Her har handverkarane lagt ned ein formidabel innsats i å halde formspråket frå 1930-talet i hevd. Inngrepet er utført med ein slik presisjon at ein lyt stoppe opp i trapperommet for å leite seg fram til den saumen der det originale sluttar og det nybygde byrjar.
Vidare ned i etasjane finn ein kontorlokale der sirkulasjonen får spele ei hovudrolle. Mellom fjerde og femte etasje er eit tildekt hol i dekket opna opp att, der eit trappeløp er tilbakeført i ny drakt. Det er òg lagt til ei ny rettløpstrapp mellom femte og sjette etasje.
Kontorlokala er velutførte, med rause fellesareal og fornuftig soneinndeling, forsterka av blokkfargane frå funksjonalismen. Sjølve planløysinga har ei tydeleg prioritering: Ved å leggje kommunikasjonsløp langs glasfasadane, fyller ein etasjane med dagslys og lèt bygget puste. Det er heller ikkje bygd noko opp mot søylene, slik at konstruksjonselementa kjem til sin rett. Den same opne kjensla finn ein i sjette etasje, der kontora deler etasjen med restauranten Sann, plassert i det nordlege hjørnet med orkesterplass over Torgallmenningen.
80 år med tråkk
Det er dei karakteristiske vindaugsbanda som set takta i fasaden, der dei faldar seg rundt utstikka og dreg seg oppover nordfasaden. Nær sagt alle jernkarmsvindauga er no, for første gong sidan 1938, bytte ut med replikaer av dei originale. Dette er overtydande kopiar som vik knappe millimetrar frå originalane. For den som kikar frå bygolvet på Torgallmenningen, er det praktisk talt umogeleg å oppdage avvik med det blotte auget.
Handelsareala er som før konsentrerte til dei nedre etasjane. Publikum har tilkomst frå tre kantar: nordveggen, Ole Bulls plass og hovudinngangen midt på Torgallmenningen. Gjenreisinga av dei polerte svingdørspartia tek vare på dei eksklusive detaljane frå 1938. Grepet med å halde alt innvendig møblement under ein fast horisont er særskilt vellukka. Det sikrar fri sikt til inngangar og utgangar, og opprettheld ei romleg oversikt i ein elles hektisk innreia etasje.
Særleg trappene og kommunikasjonsløpa er av stor arkitekturhistorisk verdi. Ein kjem ikkje utanom å nemne marmortrappa opp til andre etasje. Åtti år med tråkk har lagt seg som mjuke bogar i trappetrinna. Det gjev ei kjensle av varigheit og materialkvalitet. Det er ei glede for auget å sjå korleis så omfattande bruk har forma steinen, som framleis held fram med å bere folk opp i etasjane.
Det ein finn i handelsareala, lever sitt eige liv. Eit mylder av ulike merkevarer formar eit slags landskap der ein går frå ein butikk til ein annan utan å leggje merke til det. Stilt opp mot det forseggjorte og partikulære, kjennest dette klart kjapt og generelt.
Mellom gate og butikk
Fasaden er prega av store glasflater som effektivt vev bylivet utanfor inn. Utstillingsvindauga langs fasadane er bevarte, men utan den opphavlege bakveggen. Då bygget opna, fungerte dei som opphaldssoner med benkar – noko som etter mi meining kjendest for kloss på gata og for urbant for ein by som Bergen. I dag er benkane borte, og nisjane står tilgjengelege som utstillingsareal for butikkane, men er meir eller mindre ubrukte. Likevel er dei avgjerande for å spreie dagslys inn i etasjen.
Mot Ole Bulls Plass er delar av det originale etasjeskiljet fjerna, eit grep som tilfører underetasjen sårt tiltrengt dagslys og kontakt med gata utanfor. Ved den nye utsparinga finn ein ei rehabilitert marmortrapp som leier ned til underetasjen. Lenger inn i etasjen, der det tidlegare stod ei rulletrapp, er det no ei glasflate som lèt ein sjå opp gjennom golvet til hovudetasjen.
Ved å leggje kommunikasjonsløp langs fasadane, fyller ein innsida med dagslys. Lette glasveggar og opne siktlinjer styrkjer dei gode lystilhøva.
Lettare løysingar
Rehabiliteringa av Sundt kan fort oppfattast som ei teknisk øving. Som alminneleg besøkjande kan ein gå inn i bygget utan å ofre ein tanke på dei mange millionane som er systematisk investerte i å ta vare på det originale biletet, samstundes som ein innfrir dagens tekniske standardar. At det utanfrå ser nøyaktig ut som før, er ikkje berre kjernen i oppdraget – det vitnar om ein ekstrem presisjon.
Det som hevar prosjektet over det reint tekniske, er ei rekkje interaksjonar med bygningen. Mykje er bevart, ja, men det finst òg nye, tydelege tilføyingar. Og alle verkar å peike i éi retning: å opne opp – å gjere lettare – å sleppe inn lys. Likevel har ein lukkast med å teikne grepa slik at dei fungerer som ei naturleg forlenging av den karakteren som allereie var. Utsparing av dekket mot salsareala i underetasjen, tilbakeføring av opningar for nye trappeløp og fjerning av skilting i utstillingsvindauga mot gata er alle gode døme på dette.
Det kostbare rehabiliteringsarbeidet på Sundt vert ståande som ein ufrivillig kontrast til vår tids verdiprioriteringar.
På billegaste anbod
Korkje bygget eller restaureringsarbeidet seier noko om vår eiga tidsånd. Sundt blir heller unntaket. Som døme: Hadde eit kva som helst anna bruksbygg hatt korrosjonsskadar med same behov for utbetring, hadde dommen falle kjapt: «Må rivast». Det heile kviler på eit paradoks som er verdt å undre seg over: Ein tildeler enorme ressursar og kompromisslaus presisjon til eit bevaringsprosjekt – i hovudsak fordi vi reknar det som eit landemerke vi allereie kjenner og bryr oss om. Det er verdien vi som fellesskap tillegg bygget, som er avgjerande.
Samstundes vert ein brøkdel av dette omsynet til handverket unnt majoriteten av dagens nye byggverk. Slik sett avslører kanskje prislappen på Sundt noko om samtida vår likevel – vi er meir enn viljuge til å betale for å ta vare på eit bilete frå fortida, men vi byggjer notida på billegaste anbod. Det meisterlege arbeidet på Sundt vert slik ståande som ein ufrivillig kontrast til vår eiga tids verdiprioriteringar.
Møbleringsplan, 3. etg.