Sædalen kirke Bergen

Arkitekter

  • Hille Melbye Arkitekter AS

  • Koht arkitekter

Foto av en vei som leder ned til en kirke i hvit teglstein, trær i forgrunnen.

Folkets favoritt? Eg tviler ikkje på at ho kan nyttast breitt og styrke nabolagsfunksjonane i Sædalen, men om det eigentleg var eit samfunnshus ein hadde bruk for, kvifor byggjer ein då kyrkje?

Sædalen, sør for sentrum og aust for Nattlandsfjellet, var lenge prega av gardsbruk og utmark. No heng dei kommunale tenestetilboda attpå, etter nærare tjue år med omfattande bustadutvikling. Å byggje kyrkje her har Bergen kyrkjelege fellesråd ønskt seg, planlagt og spart til i over seksti år. På den tida var det nok ein annan tankegang som rådde når det gjaldt forholdet mellom kyrkjer og sentrum: Det å reise eit nytt kyrkjebygg og å definere eit sentrum av staden kan ikkje lenger reknast som eitt og same prosjekt. 

Det er eit godt år sidan kyrkja i Sædalen vart vigsla. No har ho nyleg vunne prisen «Folkets favoritt», ein underkategori av Bergen kommune sin årlege arkitektur- og byformingspris der publikum får røyste fram sin favoritt blant dei nominerte. Nominasjonen vektlegg korleis kyrkja har fungert som ein samlande møtestad for lokalsamfunnet.

Frå busstoppet der eg står, er det umogleg å ikkje få auge på ho. Kyrkja sit aleine på kollen – skvist mellom bilveg og bekkeløp. Daglegvaren Coop Extra, Circle K og tilhøyrande asfaltlandskap utgjer naboskapet. Med denne tredje funksjonen på plass, dristar eg meg til å kalle dette Sædalen sentrum.

Situasjonsplan som viser første etasje på kirke og omliggende kontekst. Arkitekt tegning.

Situasjonsplan.

Illustrasjon: Hille Melbye arkitekter & Koht arkitekter
Arkitekt
  • Hille Melbye Arkitekter AS
  • Koht arkitekter
Landskapsarkitekt
  • TAG arkitekter AS
  • Sweco Architects
Oppdragsgiver
  • Peab K. Nordang (entreprenør)
  • Bergen kirkelige fellesråd (byggherre)
Bruttoareal
  • 1950 kvm.
Ferdigstilt
  • 2024
Arkitekt medarbeidere
  • Hille Melbye arkitekter v/ Mikkel Haavaldsen, arkitekt MNAL
  • Koht arkitekter v/ Anders Olivarius Bjørneseth, arkitekt MNAL
  • Stefan Qvisén, arkitekt SAFA; Elena Jakobsen; Jens Peter Toverud (Hille Melbye arkitekter);
  • Kenneth Larssen Lønning, arkitekt MNAL; Julia Kolacz, arkitekt (Koht arkitekter)
Landskapsarkitekt medarbeidere
  • Merete Gunnes, landskapsark. MNLA (TAG arkitekter);
  • Sofia Svanland, landskapsark. (TAG arkitekter/Sweco architects);
  • Solveig Myklebust, landskapsark. MNLA (TAG arkitekter/Sweco architects);
  • Jorun Espetvedt, landskapsark. MNLA (Sweco architects)
Konsulenter
  • RIB: Multiconsult
  • RIE: COWI
  • RIV: GK
  • RIBr: A-STAB
  • RIAku: Brekke & Strand
  • RIByfy: Multiconsult
Adresse
Sædalssvingene 5, Bergen
Medvirkende kunstnere
  • Kari Dyrdal
Foto
  • Thurston Empson

Teglverk i vakkert spel

Det er Hille Melbye arkitektar og KOHT arkitektar som har teikna kyrkjebygget. Arkitektane har nytta ein sandfarga tegl til både det ytre og det indre vegglivet. Den lyse teglen ter seg godt på dei store flatene, utan å falle i det einsformige eller flate. Særskilt breie fuger, som matchar den sandfarga teglen, synar ein fasade med minimal fargekontrast. Ulik teglforband er lagt i eit nøkternt, men vakkert spel som framhevar opningane og utstikka i fasaden. Spesielt verknadsfulle er dei partia der teglen strekkjer seg i ein flettverksmur framfor vindaugsflater og klokketårn. 

Fasadematerialet, rikt i all si enkelheit, står i kontrast til bygget sin overordna form, som framstår noko enkel. Klossa volum i ulike dimensjonar er komponert opp mot kvarandre. Til høgre for inngangspartiet dreg eg kjensle på kyrkjetårnet i det høgste volumet. To lågare klossar følgjer på; først kyrkjetorg, så kyrkjerom. Teglverket er gjennomgåande og velbalansert, noko som sørgjer for å knyte det heile saman. 

Kyrkjeparken, like aust for kyrkja, dreg vekslar på elvelandskapet og eit variert terreng, skjerma frå naboar og bilveg. Det er laga til ei rekkje fine, lett artikulerte opphaldsrom langs klopper på kryss og tvers av elva. Det er Sweco Architects Landskap som står for arbeidet utomhus. Det eg reknar som baksida av bygget, med tilgang til parkeringsanlegget i kjellaren, eigen avfallsbod, sykkelstativ og rømmingstrapp, er vendt mot asfaltlandskapet til daglegvarebutikken og bensinstasjonen.

Foto av hvit teglsteinsbygg med store vindusflater, mosegrodd landskap med sti fremfor.

Store vindaugsflater gjev god kontakt mellom kyrkja, den skjerma parken utanfor og dei kringliggjande fjella.

Foto: Thurston Empson

Krangler om merksemda

Trappeløp og rampar leiar meg opp til kyrkjeplanet. Det er berre synd at det i retur endar opp på fortauet av eit travelt vegkryss. Over inngangspartiet er ein baldakin i ståande teglverk som bryt med den elles flate front-fasaden. Dette opplev eg som ein sterk invitasjon inn. Generøse vindaugsflater gir ei glødande framtoning i det tidlege desembermørket. 

Kyrkjerommet er orientert mot aust etter alle kunstens reglar. Langs veggane er det forskyvingar i teglen som lagar eit repeterande mønster av små vertikale riss. Murverket strekkjer seg som eit lågt belte rundt kyrkjerommet, og gir meg kjensla av å vere godt jorda på den vesle kollen. Over er det kvite veggar som strekkjer seg opp mot trebjelkane. Lyse gardiner heng ved vindauga. Det heile lagar eit fargetont materiallandskap, der kontrasten heller kjem i form av tekstur- og materialskilnad.

Frå kyrkjerommet ser ein med god sikt til dei skogkledde fjella. Dei svære vindaugsflatene, eit taklys langs den venstre veggen og dei tverrgåande takbjelkane kranglar med kvarandre om merksemda. Dei ber alle om blikket meir enn å peike i ei samla retning. Ein uheldig effekt av dei tverrgåande bjelkane er avstumpinga av rommet.

Eg ser føre meg at ei langsgåande orientering kunne ha hjelpt med å skape den samla retninga eg saknar. Under besøket blir pianoet stemt før julegudstenesta, og ein kjem ikkje unna den imponerande akustikken og romklangen ein her har fått til.

Foto av et lyst kirkerom sett mot alteret, rader med stoler, piano og et stort kunstverk bak alteret.

Kyrkjerommet vert kledd i eit fargetont materiallandskap , der eit belte av tegl gjer at rommet verkar godt jorda på kollen.

Foto: Thurston Empson
Interiør foto av bakerst i et lyst kirkerom, rader med stoler og et stort vindu ut til skogen.
Foto: Thurston Empson

Arbeidskyrkja som rår

I norsk byggeskikk er kyrkja ein tungvektar. Tradisjonelt sett representerer ho ein typologi der ein gjorde seg flid – ei viss verdigheit skulle det vere. Jamt over røyner dei kyrkjelege fellesskapa synkande deltakartal, men det verkar ikkje å sette noko brems for ambisjonane på byggefronten. Med Sædalen inkludert, er det i dag trettifem kyrkjer i Bergen. Om det blir noko av planane på Haukås, blir det kyrkje nummer trettiseks. Eit nytt tilbygg kopla på Birkeland kyrkje har det òg vore snakk om. 

Arbeidskyrkja har pekt seg ut som eit svar på knipa. Dei siste tiåra kan ein sjå tendensen vakse, at kyrkjene forsøkjer å opne opp for å romme andre og anna enn berre den kyrkjelege drifta. Det er særleg mot kulturlivet kyrkja vender sine opne dører. På Klepp blir det no bygd kyrkje og kommunehus i same kompleks. Nye Charlottenlund i Trondheim skal bli ei kvardagskyrkje prega av aktivt fleirbruk med ulike lag og organisasjonar. Arbeidskyrkja er altså ikkje død. 

Eg er ingen motstandar av det å gløtte på kyrkjedørene, men eg kjem meg ikkje unna det motstridande partnervalet. Ta det som ei formøving: sjå for deg dei karaktertrekk ein knytter til kyrkjerommet, det som gjer kyrkje til kyrkje. Eg tenker beinveges på det sakrale og innadvendte, der rom på rom byggjer vidare på kvarandre i ei sameint retning. Det dreier seg om lyset, og det enkle, som er så vanskelig å få til. Samanlikna med eit kulturhus, som eg assosierer med noko opent og inviterande, oversikteleg og lesbart, står dette i steil kontrast.

Interiør foto i kirke, rader med stoler, lys vegg i tegl og puss, limtrebjelker i taket og overlys fra takvinduer.

Eit taklys langs den venstre veggen slepp naturleg lys inn mellom dei tverrgåande takbjelkane.

Foto: Thurston Empson

Kvardag og heilagdom

Det same gjeld Sædalen kyrkje. Det skal ikkje berre vere kyrkje, men eit tilbod for heile lokalsamfunnet, med kafé og aktivitetar for både unge og eldre. Dette peikar på arbeidskyrkje-bygginga si største utfordring: at arkitekturen skal gape over både det kvardagslege og det heilage. At kyrkjer fungerer som sentrale knutepunkt for lokalsamfunna omkring dei er ikkje noko nytt, men det er ikkje før dei siste tiåra at ein tydeleg ser at dette endrar sjølve formspråket. 

I Sædalen kyrkje er fleirbruken løyst heilt praktisk ved ein skiljevegg som kan dele kyrkja opp i eit kyrkjerom og eit kyrkjetorg. Kyrkjetorget blir prega av store vindaugsflater med siktlinjer til kyrkjeparken og fjella utanfor. Her skal det vere rom for det uformelle og ikkje-kyrkelege.

Langsnitt gjennom kirkebygg, arkitekt tegning.

Snitt.

Illustrasjon: Hille Melbye arkitekter & Koht arkitekter

Det sakrale

Det verkar som eit sentralt grep er å nytte det enkle og lyse for å oppnå det sakrale ved kyrkjerommet. Bygget har ein tydeleg heilskap, men eit arkitektonisk uttrykk som verkar å vakle. Ho minner meg nok mest av alt om eit kulturhus. Det at fleirbruk kan resultere i mindre spesifikke rom og bygg, er eit kjent dilemma. Gode gudshus blir ikkje naudsynleg gode kulturhus – og vice versa.

Eit godt ekteskap krev ein presis balansegang som ikkje vippar meir mot det eine enn den andre kan tåle. Denne akrobatikken finn ein vellukka utført i deler av den nye kyrkja, men det er diverre ingen fellesnemnar. 

Det er dei liturgiske møblane som minner meg om at dette er ei kyrkje. Eit alter i teglstein og marmor står sentrert på bakveggen. Og bak; eit teppeverk av tekstilkunstnaren Kari Dyrdal som ymtar til bergveggane utanfor. Framfor teppet heng eit enkelt stålkors. Dei kyrkjelege artefaktane, som stålkorsa, verkar meir påklistra enn heimehøyrande. Sakristiet får derimot til noko heilt eige. Her fungerer det svært enkle, svært sterkt.

Interiør foto av et sakristi i lys teglstein.

Sakristiet lykkast med det heilt enkle, der materialvala skaper eit rom med tydeleg særpreg og eigenkvalitet.

Foto: Thurston Empson
Foto av alter i lys teglstein, flygel og et stort vindu ut mot skogen i bakgrunnen.

Saman med dei liturgiske møblane utgjer tekstilkunsten til Kari Dyrdal berande element i kyrkjerommet.

Foto: Thurston Empson

Entrepriseform og sermonirom

Det er eit tydeleg skilje mellom fyrste og andre etasje kva gjeld materialkvalitet og detaljering. Denne delen minner meir om eit kontorlokale enn noko anna. Det er tydeleg at dei store pengane er brukt i underetasjen. Sædalen kyrkje blei utlyst som ein pris- og designkonkurranse tilbake i 2021. Dagens kyrkjebygging byr naturleg nok på ei rekkje kompromiss, men det arkitektoniske resultatet vil eg påstå ber preg av denne entrepriseforma. 

Handlingsrommet til arkitektane vert vesentleg trongare når ein i praksis fungerer som ein underleverandør av entreprenøren. Ein vert ståande att med å kjempe for dei arkitektoniske kvalitetane. Manglande kontakt med sluttbrukaren er òg ei utfordring verdt å nemne. Ein kan difor spørje seg om Den norske kyrkja bør nytte denne entrepriseforma ved sine kyrkjekonkurransar. 

Som bestilt blussa debatten om skulegudstenester opp att før jul. Sjølv om vi har ein kultur tufta på kristendommen, speglar nok kyrkjene meir ei historisk tidsdjupn enn å representere vår samtid og kven vi er i dag. Med unntak av kyrkjene er vi nærast ribba for spirituelle og sakrale rom utan religiøs ladning. Kvar er dei ikkje-religiøse, verdige romma? Kanskje det er dags for å etterlyse fleire, og betre, seremonirom som kan romme det sakrale, noko til ettertanke, heilt uavhengig av tru. 

At ho framstår mindre sakral kan moglegvis hjelpe Sædalen kyrkje med å vere ein noko lettare stad å oppsøkje for dei som ikkje kjenner seg heime i kyrkja. Eg tviler ikkje på at ho kan nyttast breitt og styrke nabolagsfunksjonane i Sædalen, men om det eigentleg var eit samfunnshus ein hadde bruk for, kvifor byggjer ein då kyrkje?

Foto av kirke i lys teglstein med varmt lys innenfra. Vei i forgrunnen.

Kyrkja sit synleg på kollen, i kontrasten mellom bekkeløp, bilveg og asfaltflater.

Foto: Thurston Empson