Bybrua i Drammen Drammen

Arkitekter

  • SAAHA

  • Asplan Viak AS

  • Knight Architects og Degree of Freedom

Oversiktsbilde av bybrua i Drammen

Drammen har fått ei bru som kjem til å bli ståande som eit hovudverk i norsk infrastruktur, skriv Even Smith Wergeland.

Fra torget inn mot Drammen ser eg den nye Bybrua bada i himmelske solstrålar, som ein infrastrukturell variant av «Den heilage Teresas ekstase» av Gian Lorenzo Bernini. Akkurat som i det barokke meisterverket er det noko mystisk på ferde — den nye brua synest å vere pryda av ein mektig kabelkonstruksjon.

Det viser seg å vere synsbedrag, det er kabelsystemet til Ypsilon som lurar i bakgrunnen. Når eg ser dei slik, to landemerke i perfekt samspel på ein vakker sommardag, er det ikkje vanskeleg å tru på myten om at desse bruene har skapt urban frelse i Drammen by. Men ei bru skal fungere heile året, ikkje berre på sommarstid, og det er ikkje gitt at symbiosen mellom dei to bruene blir i tråd med intensjonen, sjølv om trua er aldri så sterk.

Arkitekt
  • SAAHA
Arkitekt
  • Knight Architects
Landskapsarkitekt
  • Asplan Viak AS
Oppdragsgiver
  • Drammen kommune
  • og Bane NOR
Kostnader
  • 1440000000 NOK eks. mva
Ferdigstilt
  • 2025
Arkitekt medarbeidere
  • Thor Olav Solbjør, sivilark. MNAL; Sophia Ruff B.Eng; Ernst Hansen, M.Arch; Alf Isak Nordli, M.Arch MNAL; Adnan Harambasic, sivilark. MNAL. Knight Architects: Bartlomiej Halaczek, Dipl.-Ing. RIBA; Laura Langridge BAS, MSc, RIBA; Miguel Escallon, MArch; Filip Wojtasik, MArch
Landskapsarkitekt medarbeidere
  • Jonatan Svartås, landskapsark. MNLA; Alf Haukeland, landskaps- ark. MNLA; Kyrre Westengen, landskapsark. MNLA; Kristine Myklebust, landskapsark.; Torstein Groven, landskapsark.
Konsulenter
  • Degree of Freedom
Konsulenter
  • Norconsult
Adresse
Strømsø til Bragernes over jernbanestasjonen og Drammenselva
Dimensjoner
  • 262 meter lang, 19,4 meter bred, lengste spenn 86 meter

Trua på brua

«Hva gjør en bro?», filosoferte min AHO-kollega Thomas Thiis-Evensen i Aftenposten for nokre år sidan. Ei bru må fungere både psykisk og fysisk, hevda han. Historiske bruer har ikkje berre løyst praktiske forhold — samankopling av to separate landområde — dei har også tilført symbolsk kraft. Bybrua i Drammen har ingen englar, som Ponte Sant’Angelo i Roma, men derimot to damer i bronse, begge plassert på Bragernes-sida. Den eine, «Sjøen», framstiller ei kvinne som løfter ei skute. Den andre, «By og land», framstiller ei kvinne som balanserer ei korg på hovudet. Velkommen til handels- og hamnebyen Drammen anno 1952, fortolka av den norske skulptøren Nic Schiøll.

Handel og hamn er stadig to viktige stikkord i Drammen. Det same er relasjonen mellom Bragernes og Strømsø, to ladestader som blei fusjonert då den første bybrua kom i 1812. Den gongen var rivaliseringa såpass sterk at handelsfolk på Bragernes var i mot brua, fordi dei frykta handels- konkurranse frå kremmarane på Strømsø. Det har også vore vanleg å skildre Drammen som ein klassedelt by, med borgarskapet på Bragernes og arbeidarklassa på Strømsø. Brubygginga har medført ei oppmjuking av dette skismaet, og i dag er situasjonen meir kompleks, ikkje minst fordi mykje av byutviklinga i seinare tid har skjedd på Strømsø. Bruene har utvilsamt hatt ein konsoliderande effekt.

Men det er ikkje berre å slenge opp ei bru og tru at gamle konfliktar blir borte. Dette fekk Mandal kommune erfare då planane om Adolph Tidemands bru blei lansert i 2007. Ein tredjedel av mandalittane var i mot prosjektet, og sjølv etter at brua opna i 2013 var motstanden sterk hos enkelte.

I Mandal handla striden mest om kostnad versus nytte, samt effekten av ei ny bru midt i eit idyllisk båtområde. I Drammen har det vore mest debatt om tidsbruk. Den gamle bybrua frå 1936 var djupt sakna etter at demonteringa begynte i 2022 og innbyggarane måtte ta til takke med ei mellombels løysing. Euforien var derfor stor då den nye Bybrua endeleg opna i oktober 2025, med tusenvis av menneske til stades og byens største popstjerne, Freddy Kalas, på scena. Det var all grunn til å ta seg ei pinne for Drammen etter tre års venting.

Foto av bybrua i Drammen tatt i tåke. Bildet viser tydelig konstruksjonen til brua.
Foto: Niklas Hart

Vellykka konstruksjon 

Den høge sluttprisen — i overkant av 1,8 milliardar kroner — vitnar om eit svært ambisiøst prosjekt. Bybrua er mykje meir enn ei bru, den er sjølve livsnerven og sentralaksen i Drammen. Prosjektet blei utført av norske SAAHA og britiske Knight Architects, i tett samarbeid med Degree of Freedom, Asplan Viak, Norconsult og Light Bureau, og Drammen kommune som prosjektansvarleg med bistand frå Bane NOR. Konseptet var eit fiskesprett, altså ein stein som surfar på vatnet. Ein skal vere rågod på denne teknikken for å krysse Drammenselva med berre to sprett, men det har dei altså klart, takka vere ekstremt sofistikert design og ingeniørarbeid.

Ein formidabel x-faktor i prosjekteringa var grunnforhold prega av mudder og leire. Under bygginga tok dei vare på dei gamle brufundamenta, som deretter måtte sprengast bort då den nye konstruksjonen var klar. Eit dykkarteam bora hol til sprengstoff under vatn, og då sprengladningane gjekk av vibrerte bakken på begge sider av elva. Heile Drammen rista i spenning, men alt gjekk som det skulle.

Eit anna spenningsmoment var å få det elegante fiskesprett-konseptet til å fungere i praksis. Mange store prosjekt, både bygg og infrastruktur, ser veldig imponerande ut på teiknebrettet, for dernest å skuffe i verkelegheita. Ein nøkkelperson her var den spanske ingeniøren Mario Rando frå Degree of Freedom, som utvikla ein kombinasjon av stålbuer og kvelva betongdekke. Dette gjorde det mogleg å realisere brua med lange spenn og få støtter i elva. Utan dette designet kunne brua fort blitt sjåande veldig tung, massiv og uproporsjonal ut. Det er fascinerande å studere brua frå undersida, kor dei enorme støttekonstruksjonane tilfører både trygg forankring og visuell variasjon.

«Dei rike kvalitetatane på overordna nivå forplantar seg i detaljane.»

Sju trapper

Den fremste kvaliteten i det overordna konseptet er den saumlause samankoplinga av Bragernes og Strømsø, som har fått ein bulevard av ei sentralgate, skreddarsydd for ulike trafikantar, like mykje byrom for opphald som akse for ferdsel. Eg har knapt vore vitne til ei rausare bru. Etter få minutt hadde eg allereie observert meir enn ti rullestolar i uforstyrra flyt, barn som leika og vaksne som skravla i små grupper.

Sju trapper, dei fleste ved togstasjonen på Strømsø, gjer det utruleg enkelt å kome seg opp og ned, i kontrast til den gamle brua, som slett ikkje viste same omsyn til fotgjengarar, syklistar og rullestolbrukarar. Den nye bybrua er ein fest for alle som er opptekne av universell design. Til og med heistårnet er godt integrert i heilskapen.

På kvar side av brua er overgangen til torg og elvepromenadar lekkert løyst i form av nylagte trapper, forma som små amfiteater, kor det er flott å ta ein pust i bakken og gløtte ut på elva medan tankane flyr. At det no går an å bevege seg så fritt frå torg til torg, og frå bru til promenade, har skapt ein heilt annan flyt. Det var alltid litt stress å krysse den gamle brua, stappfull av biltrafikk, no er det som ein tur i parken. Floskelen «i menneskeleg skala» blir ofte brukt om prosjekt av denne typen. I dette tilfellet er det heilt på sin plass.

Eksteriørfoto av bybrua i Drammen og landskapet foran ned mot elven. Trappeløp slynger seg i organisk form under den ene siden av bruen.

Harmonisk møte mellom Bybrua og promenaden på Bragernes.

Foto: Nadia Frantsen

Subtil materialitet

Dei rike kvalitetatane på overordna nivå forplantar seg i detaljane. Eit viktig val i prosessen var å droppe stein frå Kina til fordel for lokal granitt. Det er prisverdig å satse på kortreist materialpalett, særleg sidan prisen blei høgare. Mykje av granitten er frå steinbrotet på Ovnerud i Spikkestad. Det finst to typar, ein grå granitt som dekker strekningen mot Strømsø og ein rød granitt som dekker strekningen mot Bragernes. På midten møtest dei i samanfletta mønster, som ein dekorativ symbiose mellom dei to historiske rivalane. Eit gjennomgåande mønster er meint å skulle etterlikne spora etter ein skiløpar som skøyter. Det er kanskje litt for abstrakt til at folk skjønner det, men den visuelle effekten er uansett flott. For dei som tek referansen er det eit fint nikk til Drammen som vinterby.

Eit ikonisk trekk ved den gamle bybrua var snøen som la seg på rekkverket vinterstid. Det nye rekkverket kan fort vise seg å ha den same effekten. På toppen er det handløparar i accoya-treverk, kjemisk behandla for å motverke fukt- og kuldeskader. Saman med lyskjeldene som er montert i underkant vil nok snøen ta seg godt ut når vinteren kjem krypande. På sommarstid er det flott lys- og skuggespel i spilene, som strekk seg langs begge sider av den 262 meter lange brua, som eit minimalistisk skulpturverk i kjempeformat. Treet er, som granitten, lokalt produsert.

Men ikkje alt er kortreist. Stålet kjem frå byen Elster, ti mil før for Berlin. Her blei 228 stålplater støypt om til 30 ståldeler, kor av dei fleste blei frakta til Drammen per båt. På byggeplassen blei dei enorme byggeklossane, opptil 27 tonn tunge, omhyggjeleg montert av bygningsarbeidarar frå heile Europa. Bak ei kvar bru av dette formatet ligg ein vanvitig arbeidsinnsats og velregissert koordinering.

Brubasert byutvikling

Det er enkelt å rose Bybrua som byggverk og bindeledd mellom dei to torga på Strømsø og Bragernes. Men kva kan ei bru tilføre i eit større byutviklingsperspektiv?

Det er ikkje første gong i nyare tid at Drammen tyr til bru i byutviklinga. I 2008 opna Ypsilon, ei gang- og sykkelbru mellom Byparken på Bragernes og Campus Drammen på Strømsø. På den tida sto kunnskap og kultur sterkt som strategiske tema i norsk byutvikling, og Ypsilon fekk raskt status som symbol på framtidsretta byutvikling. Prosjektet hausta fleire prisar, blant anna European Steel Bridges Award og byggeskikkprisen i Drammen kommune.

Men byggverket var ikkje utan kritikarar. «Ypsilon er flott, men finnes det ikke mange nye broer flere steder i verden, broer med spennende utforming?», lurte Drammen Historielag på, og etterlyste meir fokus på kulturarv i identitetsbygginga. Den omfattande transformasjonen av Strømsø, med Ypsilon som dynamo, er definitivt eit ekko av den ekstremt optimistiske byutviklinga på 2000- og 2010-talet. I etterpåklokskapens lys hadde nok Drammen vore tent med å ta vare på meir av den industrielle kulturarven. I dag er miljøet rundt Union Scene noko av det flottaste byen har, men det framstår inneklemt og marginalisert av dei nye strukturane.

Når det er sagt, er det inga tvil om at Ypsilon var eit friskt pust i byutviklinga og eit kjærkome innslag for mjuke trafikantar i ein veldig bilbasert by. Brua har sågar fått status som kulturarv som del av kulturmiljøet med Union Scene.

Det store spenningsmomentet rundt den nye bybrua er ikkje kor vidt ho kan matche eller overgå Ypsilon som urban attraksjon, men om dei to bruene kan sameksistere og skape liv på begge sider av elva. Eit sentralt spørsmål er om folkestraumen no vil bli såpass sentralisert at bylivet blir drenert bort frå Union-området. Etter at Bybrua opna, er det vesentleg kortare over til Bragernes, der institusjonar som Drammen kino, Drammens teater, Bragernes kyrkje og Aass bryggeri er forlokkande mål.

Kontrasten er dessutan ganske stor mellom det flotte panoramaet av ei brugate midt i sentrum og generiske nybygg på strekningen mellom Strømsø Torg og Union. Sjølv om eg var i Drammen frå morgon til kveld i samband med denne teksten, var eg symptomatisk nok ikkje ved Union. Det var heller ikkje målet for reisa, men eg sat likevel igjen med ei kjensle av at mange no var meir enn tilfredse med å halde seg langs sentralaksen.

Fordelen med dei to bruene, er at dei trass alt ikkje er så frykteleg langt unna kvarandre. Ved å ta promenaden på Strømsø kan ein velgje bort den nybygde ørkenen. Ein kan også starte på Bragernes-sida og deretter kome til Union via Ypsilon. Når semesteret tek til og studentane strøymer til Campus Drammen, vil det automatisk bli meir aktivitet mellom stasjonen og kulturområdet. Viss det er noko Drammen har lukkast med, i kontrast til mange norske byar, så er det å plassere ting riktig og utnytte gamle område på nye måtar. Sjølvtilliten i å kalle deler av Bragernes torg for «La Drambla» ber vitne om dette.

Like eins er det flott å observere korleis fjerde generasjon av eit historisk ikon, Bybrua, klarer å aktivere både fastbuande og tilreisande. Eg har sjeldan sett maken til yrande folkeliv på og rundt ei norsk bru. Men éin ting er starten av august, kor solskin og mild bris hjelper godt på utelivsmotivasjonen. Den nye Bybrua har blitt over dobbelt så dyr som planlagt, og viss den investeringa skal stå seg, må brua helst fungere godt året rundt. Når tåka og kulda kjem snikande, vil nok bruken avta og trivselen gå ned, som det allereie har blitt peika på i Drammens Tidende.

Men, som eg nemnde over, er dei ansvarlege for byutviklinga i Drammen medvitne om at dette er ein vinterby like mykje som det er ein sommarby. Eit briljant tiltak i så måte er at «La Drambla» blir omgjort til skøytebane i vinterhalvåret, med gratis utlån av skøyter og akebrett for is, utforma som pingvinar og isbjørnar. Så lenge det er noko gøyalt å gjere på begge sider, vil nok folk halde fram med å pendle fram og tilbake over brua — langsamt om sommaren, hurtig om vinteren.

Det meste tydar på at Drammen har fått ei bru som kjem til å bli ståande som eit hovudverk i norsk urban infrastruktur og fungere som inspirasjonskjelde for andre byar som syslar med liknande idear. All honnør til dei involverte for nok eit betydeleg løft i ein by der kvalitet og gjennomføringsevne ofte er to sider av same sak.

Tverrsnitt av brua

Snitt. 

Illustrasjon: SAAHA, Degree of Freedom, Knight architects, Asplan Viak