Den – Hiet på Vedahaugane Aurlandsfjellet

Arkitekter

  • LJB AS

Foto av sti som leder til inngangen på et hule i fjellet.

Nasjonale turistveger / Hiet på Vedahaugane

I bakkane frå Lærdal opp mot Aurlandsfjellet, i det storslagne møtet mellom to dalar, ligg Vedahaugane, nett over tregrensa og med framifrå utsikt til Hurrungane i det fjerne. Her har Lærdølene kvilt på veg til fjells eller på jakt i uminnelige tider. Då ”Snøvegen” vart vedteken som turistveg vart det avgjort å bygge ei stopplomme og ei utviding av vegen her. Det vart snart klart at dei beste kvalitetane fann ein om ein kom seg litt vekk frå vegen og ut i terrenget. Her opnar det store landskapet seg, og her gjev den rike vegetasjonen og mikrolandskapet ein flott kontrast. 

Landskapsarkitekt
  • LJB AS
Oppdragsgiver
  • Statens Vegvesen, Turistvegseksjonen
Bruttoareal
  • 565 kvm.
Ferdigstilt
  • 2012
Arkitekt medarbeidere
  • Lars J. Berge, landskapsark. MNLA
Landskapsarkitekt medarbeidere
  • Lars J. Berge, landskapsark. MNLA
Konsulenter
  • NODE AS (RIB)
  • ASPLAN VIAK AS (RIS)
Adresse
Aurlandsfjellet, ved grensa til Lærdal
Medarbeidere
  • Giulio D. Marchesi, ark. (DEN-fase)
  • Ziva Jelnikar, landskapsark. (forprosjektfase)
Foto
  • Statens Vegvesen v/ Steinar Skaar, Roger Ellingsen og Bjørn Andresen, Eugenio Marchesi, Lars J. Berge, Guri Dahl.
Kunstner
  • Mark Dion
Brutto areal
  • 400 kvm parkering, 110 meter gangveg, 30 meter benk, 25 kvm bygning

Rasteplassen

Tanken var å gjere så lite som mogeleg, ikkje røre terrenget meir enn høgst nødvendig, og inngrepet, eller tillegget, skulle vera reversibelt. 

Utsiktsplassen vart bygd som ein betongsti 90 meter ut i landskapet. Runde søyler midt under dekket minimerer det fysiske fotavtrykket. Gangbanen har ein presis geometri, dei to boga linjene er nøye tilpassa landskapsformene. Ein 25 meter lang benk har plass til ei busslast med turistar, eller god plass til mindre grupper. Så stoggar gangbanen tvert, som ein invitasjon til å gå vidare ut landskapet. 

Foto av sti og benk som slynger seg rundt i fjell landskapet.

Vedahaugane har alltid vært en rasteplass på veien mellom Lærdal og Aurlands fjellene.

Foto: Statens Vegvesen v/ Steinar Skaar, Roger Ellingsen og Bjørn Andresen, Eugenio Marchesi, Lars J. Berge, Guri Dahl.
Foto av sti som leder til inngangen på et hule i fjellet.

Inngangen til “Hiet” i enden av gangstien.

Foto: Statens Vegvesen v/ Steinar Skaar, Roger Ellingsen og Bjørn Andresen, Eugenio Marchesi, Lars J. Berge, Guri Dahl.

Kunstverket

Seinare vart det avgjort å knyte eit kunstverk til Vedahaugane. Den amerikanske kunstnaren Mark Dion står bak installasjonen ”Den – hiet på Aurlandsfjellet”. I diskusjonen om lokalisering og formgjeving, krav til tilgjenge og ikkje minst ynskjet om å verne om utsikten, vart ein samde om å forlengje gangbanen og byggje kunstverket som eit rom under bakken. Det endra stoppestaden – der ein før vart leia ut i landskapet, vert ein no leia inn i hiet. Der inne ligg ein kunstig bygd bjørn på en haug av gjenstandar samla frå mange land og tidsepokar, presentert som eit diorama bak ein glasvegg. 

Det er lagt mye arbeid i å byggje overgangen mellom den svevande stien ute og banen som leiar inn i hiet så mjuk og ”natur-lik” som råd. Ein lyt bøya seg når ein går inn i mørket, inn i ura mellom dei store steinane. Der inne finn ein den sovande bjørnen, med dagslyset sivande ned ovanfrå gjennom ein slags ljore. Bjørnehiet er bygd i betong, det er kondensisolert og har velfordelt naturleg ventilasjon. Og bjørnen ser ut til å trivast; han har ikkje vakna enno.

Foto av kunstverk av en bjørn som ligger på en haug av søppel.

Mark Dions installasjon “Den”. En kunstig bjørn sover i hiet.

Foto: Statens Vegvesen v/ Steinar Skaar, Roger Ellingsen og Bjørn Andresen, Eugenio Marchesi, Lars J. Berge, Guri Dahl.
Arkitekt tegning, landskaps plan av rasteplass.

Situasjonsplan. 

Illustrasjon: LJB AS
Arkitekt tegning, snitt gjennom bygd hule under bakken.

Snitt gjennom “Hiet”, med overlys. 

Illustrasjon: LJB AS