Meninger / Debatt
Mitt KI-manifest
Av Anne Gjesdal Bjørndal
Bygging i strandsona er blitt eit gode for dei få, som kan betale for fagkyndige. Det påståtte byggeforbodet i strandsona er ein illusjon, skriv Bård Magnus Fauske.
Bygging i strandsona er blitt eit gode for dei få, som kan betale for fagkyndige. Det påståtte byggeforbodet i strandsona er ein illusjon, skriv Bård Magnus Fauske.
Den politiske diskusjonen bygger på feil oppfatning, om at vi har eit byggeforbod i strandsona, skriv landskapsarkitekt MNLA, byplanleggjar og juss-student Bård Magnus Fauske. Her kart frå strandsona i Askøy kommune.
Illustrasjon: Geodata AS, Kartverket, Geovekst og kommunene | Geodata AS - KartverketKommunane dispenserer for bygging i strandsona. Altså set dei reglane til side og opphevar byggeforbodet. Ut få mi lange røynsle, vil eg ta opp ei grunnleggande misforståing av reglane i plan- og bygningslova.
Les du dei slik eg som fagyndig konsulent gjer, då ser du ei oppskrift på korleis sikre byggeløyve i vasskanten. For i plan- og bygningslova §1-8 står det:
«I 100-metersbeltet langs sjøen og langs vassdrag skal det tas særlig hensyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser. Andre tiltak etter § 1-6 første ledd enn fasadeendringer kan ikke settes i verk nærmere sjøen enn 100 meter fra strandlinjen målt i horisontalplanet ved alminnelig høyvann. (…) Forbudet etter andre ledd gjelder så langt ikke annen byggegrense er fastsatt i kommuneplanens arealdel eller reguleringsplan, jf. §§ 11-9 nr. 5 og 12-7nr. 2.»
Slik les eg regelen:
1) Ta vare på og sikre omsyna
2) Byggegrense er 100 meter
3) Fastsett ei anna byggegrense i arealplan enn 100 meter
4) Søk byggeløyve
Eller om du søker dispensasjon:
1) Hopp over plankravet
2) Søk dispensasjon frå byggegrensa
3) Sikre omsyna i §1-8
4) Søk byggeløyve
Det er den siste tilnærminga mange vel, og som kommunane legg hand på. Difor har bygging i strandsona blitt eit gode for dei få, som kan betale for eksempel fagkyndige som meg til å hjelpe seg med å få gjennomslag.
Den politiske diskusjonen bygger på feil oppfatning, om at vi har eit byggeforbod i strandsona. Det har vi ikkje. Skal vi sikre verneinteresser, lyt dei fastsetjast i reguleringsplanar som friområde, naturområde, strandsone eller gjennom vern heimla i naturmangfaldlova kapittel 5, altså landskapsvernområde, nasjonalparkar og liknande.
Dei prosessane krev også politiske fleirtal, som sit lenger inne enn å gi byggeløyve.
Det påståtte byggeforbodet i strandsona er ein illusjon.
Meninger / Debatt
Av Anne Gjesdal Bjørndal
Meninger / Debatt
Av Thomas Bendiksen
Meninger / Debatt
Av Bertram Brochmann
Meninger / Debatt
Av Frederik Nygård Stokvik
Meninger / Debatt
Av Gerrit Mosebach
Meninger / Debatt
Av Jostein Bjørndal