Meninger / Kommentar
I beredskap for kulturarven
Av Hanna Geiran
Før vi lagar nye lister over kva kulturarv som er «viktigast», bør vi sikre at den kulturarven vi allereie har valt å verne, står rusta til å møte krisa. Kulturminnevern i fredstid er også beredskap, skriv Christoffer Knagenhjelm.
Før vi lagar nye lister over kva kulturarv som er «viktigast», bør vi sikre at den kulturarven vi allereie har valt å verne, står rusta til å møte krisa. Kulturminnevern i fredstid er også beredskap, skriv Christoffer Knagenhjelm.
Christoffer Knagenhjelm er styremedlem i Foreningen Fredet.
Foto: Beate Haugtrø/Noregs UngdomslagI Arkitektur 13. august skriv riksantikvar Hanna Geiran om kva vi skal redde dersom krigen kjem. Geiran har eit viktig poeng: Kulturarven må vere ein del av det sivile totalforsvaret, og i ein krisesituasjon må samfunnet kunne prioritere kva som skal sikrast først. Dette er det vanskeleg å vere ueinig i.
Men Foreningen Fredet meiner vi må skilje mellom beredskapsprioritering i ein krigssituasjon og ei ny rangering av kva kulturarv som er «viktigast».
Vi har allereie eit nasjonalt system for å identifisere og verne kulturminne av nasjonal verdi: kulturminnelova. Når eit kulturminne blir freda, har samfunnet gjort eit medvite val om at dette er kulturarv vi skal ta vare på.
Det betyr sjølvsagt ikkje at alle freda kulturminne skal prioriterast likt i ein krig eller katastrofe. Ressursane kan vere knappe, og ulike kulturminne har ulik sårbarheit og ulike føresetnader for sikring. Men beredskapsplanlegging bør ikkje bli ein ny måte å gradere verdien av den kulturarven vi allereie har valt å verne.
For vi har eit meir grunnleggjande problem: Vi har for lite ressursar til å ta vare på kulturminna i fredstid. Historisk har kulturmiljøvernet vore prega av små tilskot, skippertak og stor dugnadsinnsats frå eigarane. Resultatet er aukande forfall og mangel på handverkarar.
Samstundes blir det stadig vanskelegare og dyrare å forsikre freda bygg, medan brannsikringa ikkje står i eit rimeleg forhold til verdiane vi seier skal inngå i totalforsvaret.
Også forslaget til ny kulturmiljølov reiser spørsmål om forholdet mellom større plikter for eigarane og ressursane staten stiller til disposisjon.
Så ja, la oss diskutere kva som skal reddast først når den store krisa kjem. Men la oss òg spørje: Kva skal vi redde dersom vi ikkje klarer å halde kulturminna i stand fram til krisen kjem? Det er også ein del av beredskapen. Er det ikkje her vi bør starte før vi lagar nye kanonar og lister?
Vi bør derfor ikkje starte med ein ny kulturvernkanon. Vi bør starte med å sikre det vi allereie har valt å verne: Gjennom meir pengar til vedlikehald og sikring, betre brannsikring, føreseielege forsikringsordningar og eit lovverk som balanserer eigarane sine plikter med eit tydeleg statleg ansvar.
Det er i fredstid vi byggjer kulturarven si motstandskraft. Skal kulturarven bli ein del av totalforsvaret, er det kanskje nettopp der vi bør starte.
Meninger / Kommentar
Av Hanna Geiran
Meninger / Debatt
Av Øystein Børmer
Meninger / Debatt
Av Camilla Molden
Meninger / Debatt
Av Henrik Flåte Poulsson
Meninger / Debatt
Av Stefan Kaliski
Meninger / Debatt
Av Bård Sødal Grasbekk