Meninger / Debatt
Universelt utforma bryggekant skapte rullestolbrukar?
Av Bård Magnus Fauske
Kommunen skulle handsama spørsmålet om utviding av kaikanten i ei reguleringsendring og ikkje i eit vedtak om dispensasjon, skriv Bård Magnus Fauske.
Kommunen skulle handsama spørsmålet om utviding av kaikanten i ei reguleringsendring og ikkje i eit vedtak om dispensasjon, skriv Bård Magnus Fauske.
Høgsterett frikjente Oslo kommune etter stupeulykka i Bjørvika i mai, 2021. Innleggsforfattaren er landskapsarkitekt MNLA og byplanleggjar.
Foto: Helge Høifødt/Wikimedia CommonsHøgsterett uttalte at besøkjande på ei kai som denne, ikkje utan vidare «med rimelighet» kan forvente at ein kvar skaderisiko er fjerna, jf. arbeidsgivaransvaret i skadeerstatningslova §2-1. Det er jo eit syn det er lett å støtte. At stuparen lyt ta ansvar for sine eigne handlingar lyt difor stå.
Men heller ikkje Høgsterett tar opp emnet i mitt innlegg «Universelt utforma bryggekant skapte rullestolbrukar?» Ingen av partane har nemnt dispensasjonen som blei gitt frå plankravet. Difor kan retten heller ikkje ta stilling til spørsmålet.
Det svarte utgreiingsleiar i Høgsterett Knut Aastebøl, då eg i ei melding dit, peika på at eg som tilhøyrar i lagmannsretten sakna eit fagkyndig vitne.
Høgsterett skriv i avsnitt 35 at det låg ei 17 cm høg trelist langs kaikanten. Vidare var det plassert «skilt med omkring 10 meters mellomrom i størrelse 25 cm ganger 15 cm. Skiltene viser bilde av en stupende figur med rødt kryss over og er påført teksten «grunt vann».
Førstevoterande slo deretter fast at kaien klart ikkje kan oppfattast som lagt til rette for bading.
I den konkrete interesseavveginga, kan kommunen ikkje ventast å setje opp gjerde eller andre stengsel mot vatnet for å hindre stuping, fordi det ville «gått på bekostning av formålet».
Det endrar likevel ikkje synet mitt. For kommunen skulle handsama spørsmålet om utviding av kaikanten i ei reguleringsendring og ikkje i eit vedtak om dispensasjon. Då ville kommunen måtte ta stilling til om fjernvarmerøyra skulle regulerast med eit eige føremål i vertikalnivå «på botn».
No er dei ikkje regulert, medan overflata på Akerselva er regulert til friluftsområde i sjø og vatn.
Kaikanten er i tillegg regulert med kombinert føremål som tillét gangareal, sjå gjeldande reguleringsplan (S-4807). Ei reguleringsendring ville avdekka konflikten mellom desse to føremåla.
Spørsmålet kunne difor like gjerne vore om det var naudsynt eller mogleg å flytte fjernvarmerøyra.
Ein landskapsarkitekt kunne løyst den kaifronten annleis enn med ei høg trelist. Konkrete reglar for utforming av møtet mellom elv og kaifront ville syte for det. Då kunne hen tilført kaikanten sitjeplassar, føreslått ei uteservering, planta tre i trekassar eller brygga kunne vore senka og utført i andre materialar. Det ville teke friluftsføremålet i elva betre i vare enn ei trelist.
Sidan spørsmålet ikkje er drøfta av nokon av rettsinstansane, gir heller ikkje dommen frå Høgsterett rettleiing knyta til spørsmålet om plankravet for vertikalnivå «på botn», for tiltak i strandkanten.
Meninger / Debatt
Av Bård Magnus Fauske
Meninger / Debatt
Av Siri Gauthun Kielland
Meninger / Debatt
Av Geir Rognlien Elgvin
Meninger / Debatt
Av Irene Alma Lønne
Meninger / Debatt
Av Una Mørch-Thoresen
Meninger / Debatt
Av Rune Ramfelt