Mellom bygd form og levd liv

Arkitekturkritikken får kritikk for å gløyme brukaren – men ein kritikk som flyttar fokuset til det målbare, risikerer å miste blikket for bygget sine umålbare verdiar, skriv Ingeborg Katie Åtland.

Av Ingeborg Katie Åtland

Arkitekturkritikken får kritikk for å gløyme brukaren – men ein kritikk som flyttar fokuset til det målbare, risikerer å miste blikket for bygget sine umålbare verdiar, skriv Ingeborg Katie Åtland.

Av Ingeborg Katie Åtland
Ingeborg Katie Åtland

Ingeborg Katie Åtland, arkitekt MNAL.

Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes
>

Å diskutere form var stor sport ved Bergensskulen. Denne interessa har vorte eit yrke, der eg får skrive om den nye arkitekturen på Vestlandet. Nyleg fekk eg gløtte inn kyrkjedørene i Sædalen, den sistbygde kyrkja i Bergen.

I eit tilsvar skriv Beata Brzoza: «Arkitekturkritikk som ikke undersøker hvordan arkitekturen virker for dem den er bygget for, risikerer å bli presis om det sekundære og vag om det vesentlige».

Ho meiner kritikken ikkje evnar å nytte seg av brukarerfaringar og gjer folk til ei passiv målgruppe. Ho skildrar eit sjangermønster – likevel vert Sædalen kyrkje ståande som eit tydeleg døme.

Oftast er kritikken ferdig skriven før brukaren kjem i hus. Då eg vitja Sædalen, hadde kyrkja vore aktiv i eit år og nett vunne i kommunen sin årlege arkitekturpris. Brzoza spør kvifor kritikken ikkje undersøkte årsakene til at bygget vart kåra til «folkets favoritt», og treffer med det ei sjangergrense.

Her er tre kjappe om kvifor kritikken lyt prioritere som han gjer:

>
Bygg som verk og væren

Arkitekturkritikken spring ut av ein tradisjon trent i å lese arkitektur som bestanddelar og heilskap. Det er kritikken sin styrke og veikskap. Som vitjande i rom andre skal leve i, lyt eg lese og synse deretter. Det er mange perspektiv kritikaren ikkje sit med, deriblant brukarperspektivet.

Eg vel å verne perspektivet om bygget som verk og væren i byveven – for bygget kommuniserer trass alt med naboar og forbigåande langt utover besøkstida til kyrkjegjengarane. Lenge har ein vore stille om form, og som resultat har andre teke rommet.

Sidan dei estetiske og materielle dimensjonane i dag er under stort press, er eg ikkje viljug til å ofre denne samtalen. Fagspråket er ikkje der for å ekskludere, men nettopp for å kunne føre han.

Subjektiv lesing

Brzoza spør kva brukarperspektiv kritikaren i det heile kan ha. Eg svarer: berre mitt eige. Eg formidlar den sanselege erfaringa av kvalitet, romkjensle, lys og akustikk, men alltid frå min eigen ståstad.

Å levere det Brzoza etterspør, «innsikt i hvordan brukerne opplever bygget – over tid, under sine egne betingelser», krev eit apparat og ein tidsbruk som sprengjer kritikkformatet. Her lyt vi trø varsamt, så ikkje kritikken mistar eigenarten sin som kunst- og kulturfagleg sjanger.


Romleg empati

Arkitekturfaget kviler på romleg empati: Evna til å avdekke korleis rommet rammar inn kroppen. Brzoza trekkjer fram Sandra Martine Eskeland sitt essay frå innsida av Oslo legevakt som eit døme på kva eit levd perspektiv gjer med teksten. Om kritikk krev eiga levd erfaring frå målgruppa, står faget i fare for å verta redusert til rein sjølvbiografi.

Romleg empati handlar ikkje om å pretendere at ein er pasient, men om å analysere rammevilkåra rommet gjev. Ein treng ikkje ha feber for å kjenne at eit venterom har grelt lys og stressande akustikk.

Saedalen Kirke

Sædalen kyrkje i Bergen.

Foto: Thurston Empson

Arkitektur er levd liv

Brzoza åtvarar om at ein kritikk som ikkje undersøker korleis arkitekturen verkar for brukaren, risikerer å bli vag om det vesentlege. Eg vil kvittere med eit like viktig poeng: Ein kritikk som flyttar fokuset til det målbare, risikerer å miste blikket for bygget sine umålbare verdiar.

Eg er jo samd: Arkitektur er levd liv. Brzoza avviser på ingen måte den faglege samtalen, men etterlyser fleire perspektiv. Det er trass alt like viktig for berekrafta til bygget at folk likar seg der og tek vare på det.

At brukarerfaringar lyt evaluerast, er livsviktig for bransjen. At kritikken manglar apparat for å systematisk hente inn brukarerfaringar, er heilt rett. Det er utvilsamt bruk for det Brzoza etterspør, men i staden for ei sjangerendring, føreslår eg å endre rytmen.

Gjev bygga tid, og vurder dei på nytt etter fem, ti og tjue år.

Når eg i kritikken skildrar korleis vindauge kranglar om merksemda, eller korleis inngangspartiet spyttar fotgjengaren ut i eit trafikkert vegkryss, er dette nettopp romlege analysar for den sansande brukaren.

Fram til vi får på plass systematisk evaluering over tid, lyt kritikken halde fram med å leite etter brukaren i forma, i detaljane og i dei romlege kompromissa. Ikkje fordi vi reduserer mennesket til ein retorisk figur, men fordi det er nettopp i dei fysiske rammene til arkitekturen at handlingsrommet til brukaren vert definert.

>
>
>