Det blir no enklare å gi bygningar nytt liv

Dei neste åra skal vi busette rekordmange flyktningar, og vi skal sikre ein berekraftig bygningsmasse for framtida. Då må vi tenkje nytt om bruk og gjenbruk av dei bygningane vi allereie har, skriv kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Av Sigbjørn Gjelsvik

Dei neste åra skal vi busette rekordmange flyktningar, og vi skal sikre ein berekraftig bygningsmasse for framtida. Då må vi tenkje nytt om bruk og gjenbruk av dei bygningane vi allereie har, skriv kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Av Sigbjørn Gjelsvik

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

>

Dei tekniske krava er i stor grad laga med tanke på nye bygg, men dei gjeld like mykje når ein skal byggje om, rehabilitera eller endre bruken av bygg. Dei strenge krava kan vere vanskelege å forstå fullt ut, dei kan gjere ombygging dyrt og nærast umogleg å få til. No lager vi enklare reglar for deg som ønskjer å endre bustader og bygg. Det skal gi meir berekraftig gjenbruk av bygga våre, så dei får lenger levetid. Lovendringane som blir gjeldande frå 1. januar 2023 skal òg gjera at det blir raskare og enklare å saksbehandle desse byggesakene.

Det er kapittel 31 i Plan- og bygningslova som omtaler kva for arbeid på bygg som er omfatta av lova. Desse føresegnene blir nå tydelegare, og vi har utarbeidd ein digital rettleiar for arbeid på eksisterande bygg. Rettleiinga skal hjelpe eigarar til å vurdere om eit arbeid er vedlikehald som ikkje er omfatta av lova, eller om arbeidet er ei vesentleg endring/reparasjon eller hovudombygging, og som dermed krev søknad og oppfylling av krav i byggteknisk forskrift.

Vi har no vedteke ein ny paragraf som gir kommunane større høve til å gi unntak frå tekniske krav ved arbeid på bygg. Dersom ein søkjer kan kommunen gi unntak så lenge ein har teke nok omsyn til tryggleik, helse og miljø. Dermed kan ein tilpassa krava til det som er tenleg i det enkelte tilfelle.

Denne lovendringa svarer på kravet frå ein del aktørar i bransjen om ein eigen «rehab-TEK». No blir premissane for unntak frå tekniske krav enklare å forstå og praktisere. Eit eksempel er at det blir enklare å ta i bruk ei hytte til bustad. Det blir òg enklare å ta i bruk eit tomt lokale til noko nytt – som legg til rette for meir aktivitet og verdiskaping i lokalmiljøet. Det auka handlingsrommet for unntak frå tekniske krav kan styrkje det lokale sjølvstyret, og føre til meir aktiv bruk og betre gjenbruk av bygg. God gjenbruk er også ein fin måte å ta vare på historia om staden.

Det viktig å halde bygga våre i forsvarleg stand, så dei ikkje utgjer fare eller stor ulempe. Vi veit at bygg som forfell ofte blir ståande tomme, og mange blir til slutt rive. Byggverk som er farlege eller forfell er også til sjenanse for naboar og lokalsamfunnet. Å ta vare på òg gjenbruke bygg er berekraftig, ettersom det fører til lågare klimautslepp og forbruk av materiale. Reglane i dag for å gi og gjennomføre pålegg for å hindra forfall blir klårare.

Kommunane får no høve til å påleggje eigar omgåande sikring, for å unngå akutt fare. Det er òg vedteke reglar som gir kommunane rett til å gjennomføre sikring av farlege byggverk, og rett til å rive og fjerne såkalla «eigarløyse byggverk». Alt i alt skal dei nye reglane sørgje for at vi tek vare på bygga våre betre, og ikkje minst at det skal bli noko lettare å ta i bruk bygg til nye føremål. Det treng vi i møte med dei nye utfordringane samfunn vårt står føre.

Les meir om endringane her.

>
>
>