Meninger / Kommentar
Et farvel til NODA
Av Elin Delmar
Bergen har nok av skrekkeksempel på korleis uforløyste overgangar mellom bebuar og ålmenta fører til daude areal og privatisering av felles byrom.
Bergen har nok av skrekkeksempel på korleis uforløyste overgangar mellom bebuar og ålmenta fører til daude areal og privatisering av felles byrom.
Ingeborg Katie Åtland er arkitekt MNAL i Utopic.
Foto: Synne Sofi Bårdsdatter BønesSjøgaten, som strekk seg frå Skuteviken til Sandviken, kjennest brått mykje breiare. Der Neumann Bygg før sperra utsynet, kan ein no sjå vidt ut over fjorden. Denne fasaden kjende eg godt, etter å ha traska forbi han støtt gjennom dei fem åra som student på nabotomta.
Byggevaren og dei tilhøyrande lagerhallane er no jamna med jorda, medan sjøflyhangaren står att ytst på piren. Utan sin granne står Bergen Arkitekthøgskule fram om mogleg endå meir framand, i kontrast til den tette småhusbusetnaden som er så typisk for Sandviken.
Det kjennest merkeleg stille i dette augeblikket mellom riving og nybygg. Vi ventar jo på noko. Ein kjem ikkje unna den seigdryge prosessen, den pinlege kommunale handsaminga og det massive byggearbeidet som straks skal setjast i gang.
Pusterommet er altså kortvarig. Bustadmarknaden i Bergen brenn, som elles i landet. Frå statleg hald kjem kuren: Det må byggast 130 000 nye bustader før 2030. Under fire år står att. Eg kan skjønne at Bergen kommune blir ivrig etter å innfelle prosjektet som skal sikre dei nærare fire hundre bustader på kvoten, berre på denne odden i Sandviken.
Tomta Kristiansholm i Sandviken, Bergen, er jamna med jorda. I bakgrunnen ser ein grannen Bergen Arkitekthøgskule (BAS) og den gamle sjøflyhangaren står att.
Sjølv er eg meir bekymra enn ivrig. Eg ser føre meg grafen til Jan Olav Jensen som illustrerer utviklinga av arkitektonisk kvalitet i Noreg frå 1900 til 2020.
Kategorien for store bustadprosjekt skil seg tydeleg frå dei andre med ei dalande, gul linje. No, i 2026, ser eg for meg korleis den gule linja har halde fram, skyt utfor rammene, vidare nedover Jensen si teikning.
Konklusjonen var beinhard, men ikkje overraskande: Vi har aldri før bygd dårlegare bustader for folk. Eg blir ikkje vidare håpefull av at byggebransjen vil fire på krava ved 72 punkt med mål om billegare og raskare bustadbygging.
Teikninga syner kvaliteten på norsk arkitektur, og vart skissert av Jan Olav Jensen i samband med eit redaksjonsmøte i bokserien Asbuilt.
Illustrasjon: Jan Olav JensenSom rapporten sjølv slår fast, er det ikkje teke stilling til konsekvensane av alle dei føreslåtte TEK-tiltaka. Når det no ønskes å lempe på krava til dagslys, uteareal og skjerming mot støy, kan ein spørje: Kven kjempar for å ivareta bustadkvaliteten? Diverre ingen. Mi største bekymring er likevel korleis dette vil bidra til å forsterke ein allereie klasseskilt bustadmarknad.
Konsernsjefen i Noregs største bustadbyggjarlag fortel i NRK-serien Stygt? korleis OBOS ikkje skal vere ein arkitekturvaktar, men at oppdraget deira nettopp er å bygge bustader. Det Daniel Kjørberg Siraj kallar krumelurar, eller på fagspråket: utsmykkning og detaljering, set han opp mot pris, parkering og balkong – omsyn han meiner veg tyngre.
Med dette peikes det på sjølve kjernen i floka: Ein bygger ikkje berre for det indre livet – byggets ytre væren har ein òg ansvar for.
«Gangareal – ikke ment for opphold»: Slike skilt er eit symptom på ein arkitektur som ikkje evnar å mekle gode overgangar mellom det private og det offentlege. Skiltet finn ein nokre sjøbuer sør for Kristiansholm.
Det er nett dette ytre livet eg lyt håpe kommunen vaktar, når dei private planinitiativa sig inn i dei kommunale reguleringsplanane.
Eg gler meg til å sjå kva OBOS trekk ut av hatten, med kva slags offentlege rom dei meiner kan rettferdiggjere at det blir bygd private bustader på kaifronten. Strandsonelova viser seg nok ein gong som éi lov for Tor, og ei anna for Loke.
Som tidlegare student, lærar ved arkitekthøgskulen og som Sandviks-bebuar, sit eg med ei høveleg mengd tvil til det som snart skal utfalde seg på odden. Bergen har nok av skrekkeksempel på korleis uforløyste overgangar mellom bebuar og ålmenta fører til daude areal og privatisering av felles byrom.
Studentar frå Arkitekthøgskulen nytta ballongar for å visualisere høgda på dei planlagde OBOS-bygga.
Foto: Birgitte BrulandMin eigen tvil understrekes av kommunen sin kommunikasjonsstrategi. Det verkar som om naboar, bebuarar og institusjonar først blir inviterte til bordet når plantiltak er ferdigtygde. Då Bybanen skulle planleggast i same gate, varsla kommunen riving av fleire bygg, deriblant BAS, kvelden før det trefte avisoverskriftene.
Byutviklingsbyråd Eivind Nævdal-Bolstad oppsummerer kommunen sin medverkingsstrategi best sjølv:
«Nå som vi er sikre på at det ikke finnes andre løsninger, skal vi ha en god og tett dialog med BAS …»
Det heile verkar ytst pinleg for Bergen kommune, som viser seg fram som eit system som ikkje toler debatt.
Når BAS, som var sjølve referansen for OBOS sine bygghøgder, no skal rivast, oppstår ein absurd situasjon: Sjølve utgangspunktet for den lokal forankringa forsvinn, og heile premisset fell dermed saman med det.
Meninger / Kommentar
Av Elin Delmar
Meninger / Kommentar
Av Maisam Mahdi
Meninger / Kommentar
Av Rainer Stange
Meninger / Kommentar
Av Kyrre Midtbø Kalseth
Meninger / Kommentar
Av Ellen de Vibe
Meninger / Kommentar
Av Hanna Geiran